MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Planprogram for kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet er vedteke

Planprogram for kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet er vedteke

Stad formannskap har vedteke planprogrammet for utarbeiding av kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet.

Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet dannar rammene for den lokale idrettspolitikken, både for organiserte og eigenorganiserte aktivitetar innanfor idrett og friluftsliv. 
 

Kommunedelplanen som no skal utarbeidast blir det første politisk styringsverktyet for idretts- og friluftslivspolitikken i Stad kommune. Planen vil danne grunnlaget for prioriteringar både for arealbruk, søknads- og spelemiddelordningar og anleggsutvikling i ny kommune. Planprogrammet beskriver vegen fram mot endeleg kommunedelplan. 

Vedteke planprogram (PDF, 2 MB)

Stad formannskap sitt vedtak av planprogram, 3. september 2020.  (PDF, 797 kB)

Det er venta at kommunedelplanen for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet vil bli lagt fram til politisk behandling i november 2020. Det er lagt opp til vedtak av kommunedelplanen i februar 2021.