Planprogram for kommunedelplan for veg og trafikktrygging er vedteke

Stad formannskap har vedteke planprogrammet for utarbeiding av kommunedelplan for veg og trafikktrygging.
 

Formålet med ein kommunedelplan for veg og trafikktrygging er å få på plass eit strategisk verktøy for å utvikle transportsystema i Stad kommune. Folk skal kunne ferdast trygt som gåande, syklande og som bilistar.

I planprogrammet vert rammene for planarbeidet fastsett. Eit planprogram er eit eige arbeidsdokument, som ikkje må forvekslast med sjølve kommunedelplanen. I planprogrammet er det gjort nærare greie for bakgrunn, formål, korleis ein tenkjer å legge til rette for medverknad i planprosessen, korleis planarbeidet skal organiserast og kva framdriftsplan ein legg opp til.

Vedteke planprogram (PDF, 2 MB)

Stad formannskap sitt vedtak av planprogram, 3. september 2020. (PDF, 566 kB)


Det er venta at kommunedelplanen for veg og trafikktrygging vil bli lagt fram til politisk behandling i november 2020. Det er lagt opp til vedtak av
kommunedelplanen i februar 2020.