MELDING

Oppdatert info om koronaviruset

Information about corona in various languages

Kommuneoverlegen og kommuneadministrasjonen følgjer situasjonen tett. Kommunen rettar seg etter regjeringa sine råd og deltek i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte av Covid-19.

Treng du å ta kontakt med kommunen om tenester generelt ber vi om å gjere dette per telefon eller e-post  

 

Søknad om konsesjon – Oppdrettslokalitet Ervikskorane – Offentleg ettersyn

Søknad om konsesjon – Oppdrettslokalitet Ervikskorane – Offentleg ettersyn

Eide Fjordbruk AS søkjer om løyve til etablering av ny oppdrettslokalitet for laks, aure og regnbogeaure ved Ervikskorane i Stad kommune.
Omsøkt storleik på lokaliteten er 3600 tonn MTB. Lokaliteten ligg innanfor område avsett til akvakultur i arealdelen i kommuneplanen 2015-2027 for Eid kommune.

Søknad med tilhøyrande dokument er tilgjengeleg via lenka nedanfor. Søknaden med tilhøyrande dokumentasjon er også lagt ut og er tilgjengeleg på Stad rådhus på Nordfjordeid.

Merknader til søknaden må sendast skriftleg innan 23.03.2020 til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid eller på e-post til post@stad.kommune.no .

Konsesjonssøknad