Harpefossen Hyttegrend AS er tiltakshavar, og Antongarden AS er utførande konsulent. Oppstart er
annonsert i avisa Fjordabladet 01.04.2022.
Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for at planområdet kan nyttast fritidsbustader i
samanheng med skianlegget. Areal avsett til idrettsføremål vil vere ivareteke ved at ein etablerer
ski inn/ut løyper. Det er også ønske om å etablere nye skiløyper gjennom området.
Harpefossen Hyttegrend har behov for å justere plangrensa til BA07 ved dette varselet om oppstart
av planarbeidet. Planområdet vil ikkje omfatte eit større areal til fritidsbustader enn det som allereie
er avsett til føremålet i kommunen sin arealdel (BA06 og BA07 i KPA 2017‐2027 Eid).
Lokalisering
Planområdet ligg i midt mellom FB6 og FB7, på nordsida av vegen til Furuhogane.

Planområdet finn du også i Stadinnbyggar.
Meir informasjon finn du i dei lenka dokumenta nedanfor.
Innspel til planarbeidet kan sendast på e-post til siri@antongarden.no, eller som brev til Antongarden AS, Løkjavegen 180, 6773 Nordfjordeid. Frist for å sende innspel er sett til 5. mai 2022.
Dokumentliste:
1. Varslingsbrev (PDF, 817 kB)
2. Referat frå oppstartsmøte (DOCX, 5 MB)