Interessert i jobb i Stad kommune?Stad kommune jaktar stadig på god kompetanse og kjekke medarbeidarar til ledige stillingar!Når du søkjer på ledig stilling i kommunen, må du sende elektronisk søknad. Søknadsportal for ledige stillingar i Stad kommuneVi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må alltid grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.Her finn du alle ledige stillingar i Stad kommuneFann du ikkje ei aktuell stilling? Om du ikkje fann stillinga for deg her, samarbeider vi med Nordfjordkompaniet som gjerne vil hjelpe deg å finne din plass i Nordfjord. Meld deg inn i Nordfjordkompaniet sitt nettverk NORD+FJORD som jobbsøkjar, så tek dei direkte kontakt med deg!Meld deg inn i NORD+FJORDTenester og arbeidsplassar i Stad kommuneTenestemagasin Stad kommune 2023 (PDF, 11 MB) Publisert 31.05.2024 12.42 Sist endra 25.03.2026 15.21