Konsept og grafisk profil for Stad kommune og samfunn

Éin felles Stad-identitet

Stad kommune sitt nye kommunikasjonskonsept og grafiske profil blei vedteke av Stad kommunestyre 25. mars 2021.

Éin samla kommune

Kommunikasjon er eit verkemiddel for å nå kommunen sine overordna mål og for å løyse ulike samfunnsoppdrag. Konsept og grafisk profil for Stad kommune er eit viktig tiltak i dette arbeidet. Kommunikasjonskonseptet og den grafiske profilen skal bidra til den overordna målsetjinga om å halde oppe folketalet i Stad og å legge til rette for auka tilflytting, noko som blir svært viktig for ei livskraftig utvikling. Stad må vere ein så attraktiv stad å bu at fleire vil bli verande og fleire ønsker å flytte hit.

Felles visuell identitet styrker Stad kommune som éin aktør, og kommunikasjonen skal fremstå heilskapleg. Det skal vere tydeleg kva tenester, tilbod og opplevingar Stad kommune står bak, for alle som har kontakt med kommunen. 

Felles kommunikasjon

Det overordna kommunikasjonskonseptet med eigen logo er felles eige for kommunen som organisasjon og kommunen som samfunn. 

Konseptet og den grafiske profilen skal nyttast fritt av dei aktørane i Stadsamfunnet som ønskjer det, i tillegg til aktørane sine eigne logoar og profilar: Næringsliv, reiseliv, handel, lag- og organisasjonar, kulturliv, utdanningsinstitusjonar mm.

Logoen og designelement skal nyttast i samsvar med retningslinene som er utarbeidd i profilhandboka.

Alle aktørar står fritt til å bruke dei generelle malane som er utarbeidd.

Stad kommune vil nytte konseptet og den grafiske profilen saman med kommunevåpenet.

Profilhandboka inneheld blant anna reglar for bruk av logo og skrifttypar, retningsliner for grafisk utforming og enkle basismalar. Handboka inneheld også varianter av konseptlogoen og Stad sitt kommunevåpen. Treng du å laste ned logo-filer og malar, finn du desse her.