Kommunestyret har i løpet av 2025 vedteke fleire tiltak for å sikre ei berekraftig økonomisk utvikling. Dette vil påverke både tenestetilbod og prioriteringar framover.
Innsparingstiltak for 2025
Kommunestyret har også bede kommunedirektøren om å setje igang strakstiltak for å redusere driftskostnadane med 10 millionar kroner i inneverande år. Dette kjem som følgje av prognosar som viser eit forventa meirforbruk på over 85 millionar kroner i 2025. Sak 25/132
For å møte dette kravet har kommunen innført restriksjonar på:
- Oppretting og tilsetjing i nye stillingar
- Bruk av vikarar og overtid ved fråvær
- Tenestereiser og kursdeltaking
- Innkjøp av varer og tenester
Målet er å redusere forbruket og avgrense bruken av disposisjonsfondet, slik at kommunen kan oppretthalde eit forsvarleg tenestetilbod. Les sak om innsparingskrav handsama i kommunestyret 11. september 2025.
Arbeid med budsjett 2026 og økonomi-/handlingsplan 2026–2029
Kommunestyret har fått presentert forslag til økonomiske rammer for dei kommande åra. For å oppnå økonomisk balanse og møte krava frå Statsforvaltaren, må kommunen redusere driftsnivået i alle kommunalområde fram mot 2029.
Dette betyr:
- Stramme økonomiske rammer for alle tenesteområde
- Gradvis bruk av disposisjonsfond
- Låg investeringstakt og kontrollert gjeldsvekst
Sjølv om Stad kommune driv effektivt samanlikna med andre kommunar, er det krevjande å kutte ytterlegare. Auka behov for tenester og demografiske endringar gjer dette arbeidet ekstra vanskeleg.
Budsjettprosess hausten 2025
Kommunalsjefane, einingsleiarar og tillitsvalde har i haust arbeidd fram eit forslag, grundig vurdert, med konsekvensanalysar og i tråd med lov- og avtaleverk.
Dei konkrete innsparingstiltaka for kvart kommunalområde blei lagt fram for finansutvalet og Stad formannskap 13. november. Framlegget frå formannskapet blei deretter lagt på høyring i perioden 27.11 til 11.12.
Budsjettframlegget blei samrøystes vedteke av Stad kommunestyre 13. desember 2025.
Framdrift for arbeid med Handlingsprogram (2026-2029) innhald/satsningsområde/oppdrag/mål:
Kommuneøkonomi og rapportering