Helse og omsorg - delprosjekt

Kommunalområdet for helse og omsorg omfattar 
legeteneste, helsestasjon, fysio- og ergoterapi, heimetenester, sjukeheim og omsorgsbustader, interkommunale helsetenester og tenester for funksjonshemma.

Stad kommunestyre godkjente i møte 12. september 2024, sak KS-24/121, ein overordna prosjektplan for arbeidet med ein «Samla plan for bygg og dimensjonering av helse og omsorgstenestene i Stad fram mot 2040». I planarbeidet skal ein: 

  • 1) Utarbeide ein heilskapleg og tverrfagleg handlingsplan for oppfølging av Kommunedelplan for helse og omsorg 2023–2035, som peikar fram mot 2040. 

  • 2) Utarbeide ein eigen plan for helse- og omsorgsbygg i Stad. Det er utarbeidd eit framlegg til ein detaljert prosjekt- og milepelsplan for å følgje opp kommunestyret si overordna bestilling. Denne er lagt inn under her.  

Prosjekt 1 gjeld utarbeiding av ein heilskapleg og tverrfagleg handlingsplan for oppfølging av Kommunedelplan for helse og omsorg 2023–2035, som peikar fram mot 2040. Dei andre prosjekta, omtalt som prosjekt 2, er ein del av arbeidet med å utarbeide ein eigen plan for helse- og omsorgsbygg i Stad.  

Aktivitetane i delprosjekta utgjer grunnlaget for fleire av omstillingstiltaka ein definerer innanfor helse og omsorg som ein del av “Program for berekraftig økonomi 25-28”. 
Ein tek utgangspunkt i eksisterande utgreiingar og rapportar for å vidareutvikle eit oppdatert kunnskapsgrunnlaget som støtte i arbeidet. 

23. januar gjorde kommunestyret vedtak om å setje i gang ei rekkje delprosjekt i helse og omsorg.
Oversikt og info om prosjekta finn du under.

Overordna orienteringar om prosjekta frå kommunalsjef helse og omsorg:
7. mai 2025 - kommunestyre

Delprosjekt helse og omsorg


 

Artikkelliste