Bakgrunn
Skule: Grunnskuletilbod er ei lovpålagd teneste som kommunane skal yte, og tenesta er knytt opp til nasjonale læreplanar og konkrete læringsmål. Læring og danning er skulen sitt primære formål, og tenesteproduksjonen byggjer på eit prinsipp om å gje likeverdige tenester til innbyggjarane. Som ein del av denne tenesteleveransen inngår kommunen si plikt til å til ein kvar tid yte lovpålagd pedagogisk kvalitet og å ha bygg som stettar lovpålagde krav til helse-, miljø og tryggleik og som fremjar læring og trivsel. Tilsvarande moment vil gjere seg gjeldande for kommunen som arbeidsgjevar, og som ansvarleg for rekruttering og tilrettelegging av attraktive arbeidsplassar.
Nærleik til skule og skulen sin sosiale nærleik i eit lokalsamfunn blir ofte sett på som viktig både for folkehelsa og for eit attraktivt og berekraftig lokalsamfunn. Endringar som medfører nedlegging av ein skule, vert difor for mange opplevd som negativt for eit lokalsamfunn. Agenda Kaupang peikar på side 5 i sin rapport at Stad kommune brukte mindre pengar på grunnskulen enn gjennomsnittet i samanliknbare kommunar i 2021. Utgiftene var då 21 mill. kroner lågare enn gjennomsnittet i kommunegruppa som ein samanlikna med, og utgiftene var også enn skulestrukturen tilseier. For åra 2022 og 2023 har grunnskulen i Stad hatt eit betydeleg innsparingskrav, slik at Stad kommune sin utgifter er ytterlegare redusert. Trass i dette, hadde grunnskulen i Stad betydeleg betre kvalitet enn gjennomsnittet av norske kommunar i 2021. Kommunen skårar betre på 9 av 15 kvalitetsindikatorar i Kommuneindeksen 2022.
Når det gjeld bygg, peikar Agenda Kaupang på at fleire skular har betydelege funksjonelle manglar, og at det generelle biletet er gamle og urasjonelle skular som treng vedlikehald og modernisering av tekniske anlegg. Det vert lagt til grunn at ingen av skulebygga tilfredsstiller krava til eit moderne skuleanlegg. Agenda Kaupang sine utrekningar syner at det vil koste 939 mill. kroner å ruste opp dagens skular til moderne standard.
Barnehage: Barnehagelova fastset at kommunen har plikt til å tilby plass i barnehage til alle barn i kommunen med rett til plass. Kommunen har lokalt barnehagemynde og skal sjå til at dei kommunale og private barnehagane blir drivne i samsvar med gjeldande regelverk. Agenda Kaupang konklunderar på side 6 i rapporten med at Stad har effektive barnehagar, med middels kvalitet og låge kostnadar. Kostnadsnivået i barnehagetenesta er lågare enn gjennomsnittet i kommunegruppe 2, som ein samanliknar seg med. Stad har høg dekningsgrad, store kommunale barnehagar og høg produktivitet. Når det gjeld bygg, vert det peika på at Stad har fleire bygg med alvorlege funksjonelle manglar. Det generelle biletet er gamle og nedslitne barnehagar som treng vedlikehald og modernisering av tekniske anlegg. Modernisering av dagens barnehagar er anslått å koste 86 mill. kroner. Det er viktig å no få fastsett ein langsiktig føreseieleg plan for både vidare drift og vedlikehald av dei kommunale barnehagane.
Sjølv om rapporten frå Agenda Kaupang er på eit overordna nivå, og kanskje ikkje alle lesarane kjenner seg att i den, gir den oss likevel verdifull kunnskap, som seier noko om behovet og viktigheita av å få fastsett ein langsiktig føreseieleg plan for både vidare drift og vedlikehald av dei kommunale barnehagane og skulane i Stad.
Som ein del av oppfølginga av dei politiske vedtaka, er delprosjekt «Utgreie ny barnehage- og skulestruktur» etablert.