Sentraladministrasjonen - delprosjekt

Sentraladministrasjonen omfattar kommunedirektøren og kommunalsjefane og dei tre stabseiningane økonomi, personal og kommunikasjon og strategi og samordning. 

Organisasjonsstrukturen for Stad kommune er oppretta med det føremål å bidra til tverrfagleg samarbeid, og særleg stabsavdelingane har roller som intern koordinator for organisatoriske samarbeid og yte støtte til kommunalområda. Fellesressursane for Stad kommune er av den grunn samla i stab- og støttetenestene, og ein finn i svært liten grad administrative ressursar ute i einingane.      

Vidare omfattar sentraladministrasjonen politisk styring med ordførar og varaordførar, Stad Energi- og Eigedomsutvikling KF, frikjøp tillitsvalde og hovudverneombod, to tilsette i IKT Nordfjord og ein tilsett knytt til interkommunalt politisk råd Region Fjordane og Nordfjordsamarbeidet. Sentraladministrasjonen yt også stab og støttefunksjonar til vertskommunesamarbeidet for NAV Nordfjord.    

Stabseiningane har viktige roller i endringsarbeid, og skal mellom anna sikre at prosessar går rett føre seg. Sentraladministrasjonen vil vere sentral i arbeidet med å organisere, støtte og gjennomføre nødvendige utgreiingar for å redusere kostnadene i Stad kommune. Arbeidet med verksemdstyring vert forsterka og utvikla vidare, der sentraladministrasjonen har det overordna ansvaret for å leggje til rette for lovpålagt verksemdstyring, her under planarbeid, eigarstyring og arbeid for at heile organisasjonen har gode rutinar og prosedyrar innan helse, miljø og tryggleik.  

23. januar gjorde kommunestyret vedtak om å setje igang følgjande delprosjekt innanfor sentraladministrasjonen: 
 

Artikkelliste