Kontrollutval

Stad kontrollutval er kommunestyret sitt eige kontrollutval. Kontrollutvalet skal arbeide for å auke den allmenne tilliten til at kommunale oppgåver vert gjennomførte på ein måte som sikrar likeverdig og god behandling og rettstryggleik for innbyggjarane.

Kontrollutvalet arbeider for

  • Auka kvalitet, effektivitet, produktivitet og tryggleik i dei interne rutinane
  • Optimal bruk av dei kommunale midlane
  • Ei forvaltning som er i samsvar med gjeldande lover og anna regelverk

Her finn du møteplan for kontrollutvalet i Stad.