Ordførar og varaordførar

Ordføraren er leiar for kommunestyret og kommunen sin rettslege representant. Ordføraren er også kommunen sin fremste folkevalgte representant og ansikt utad.

Judith Kvåle (Ap) er ny ordførar i Stad kommune frå 7. mai 2025.
Gunn Sande (SP) har tiltredd i stillinga som varaordførar.

Stad kommune har ordførar i 100% stilling og varaordførar i 40% stilling.

Du kan kontakte ordføraren pr epost, sms/telefon eller via Facebook-side, sjå kontaktinfo til høgre på denne sida. 

------------------------------------------------------------

Ordførar Judith Kvåle

Judith Kvåle 2023-2027, og er vald inn i kommunestyret for Arbeidarpartiet i perioden 2023-2027.
Judith har vore politisk aktiv i gamle Selje kommune i to periodar før ho vart valt inn i Stad kommunestyre for Arbeiderpartiet i 2019.

Judith Kvåle er utdanna spesialsjukepleiar i rus og psykisk helse og arbeidar som teamleiar for FACT-Nordfjord, som er eit samskapingsprosjekt mellom Stad kommune og Nordfjord Psykiatrisenter, med fokus på heilskaplege tenester til personar med alvorleg psykisk liding i kommunen. Ho har tidlegare vore sjukepleiar og ruskonsulent i gamle Vågsøy kommune. 

Judith Kvåle bur på Nordfjordeid, er gift og har tre vaksne born og eit barnebarn.

Portrett av ordførar  - Klikk for stort bilete