Bustadpolitikk
Folketalsvekst i 2022
I stad bur det 9539 innbyggjarar per 1. juli 2022. Dei siste tre åra har Noreg hatt ein folketalsvekst på 1,1 prosent og Stad har tilsvarande hatt ein folketalsvekst på 0,7 prosent.
Alderssamansetning
Eit gjennomgåande utviklingstrekk er at delen av innbyggjarar som er i yrkesaktiv alder vert mindre, medan delen av eldre innbyggarar aukar. Stad kommune har per i dag størst utfordringar med å vere attraktiv for innbyggarar i aldersgruppa 20-44 år. Det er denne aldersgruppa som avviker mest frå landet per i dag.
I 2025 vil aldersgruppa over 80 år ligge vesentleg høgare for Stad kommune enn for landet. Dette vil gje utfordringar i høve butilhøve og omsorgsbehov.
Figuren under viser aldersfordeling blant innbyggarane i Stad (innerste sirkel) og i landet (ytterste sirkel) per 01.01.2022, i prosentvis fordeling:

Få innbyggarar i aldersgruppa 20-44 år
Stad kommune har utfordringar med å vere attraktiv for innbyggarar i alderen 20-44 år. For å kunne vere ein livskraftig kommune, jf. samfunnsmålet, vil det vere avgjerande at Stad kommune klarar å vere attraktive som ein plass å bu for denne aldersgruppa.
Konsekvensane av for få innbyggarar i denne aldersgruppa kan vere at det vert færre barn i kommunen og at det vert færre i yrkesaktiv alder som kan bidra til verdiskaping.
Fleire innbyggarar i aldersgruppa 67 og over
Stad kommune ar allereie i dag ein større del innbyggarar over 67 år enn landet.
Flytting
I dag er det utflytting innanlands som utgjer vårt største folketalstap. I gjennomsnitt er det 296 personar (326 i 2021) som årleg flyttar frå Stad kommune.
Mest flytting i aldersgruppa 24-34 år
I Stad kommune ser vi at den største flytteaktiviteten (både innflytting, internflytting og utflytting) skjer i aldersgruppa 24-34 år.
Aldersgruppa 65+ år har ein høgare internflytting ein gjennomsnittet i kommunen. Dette viser at ein del eldre innbyggarar i Stad kommune flyttar frå ein bustad til ein annan internt i kommunen etter fylte 65 år, mest truleg flyttar denne aldersgruppa til noko meir lettstelt.
Figur 9 illustrere flytting inn og ut av kommunen, flytting innan kommunen og nettoflytting fordelt på aldersgruppe:

Færre innbyggarar i 2050
Folketalsframskrivingar frå SSB viser at det vert fleire eldre innbyggjarar i kommunen vår. Tala viser ein stor auke i tal eldre personar i kommunen vår, og mykje bustadarbeid framover vil vera å formidle informasjon og dele kunnskap for å sikre at denne aldersgruppa har ein god stad å bu.
Med tanke på den store auken i tal eldre i framtida, skal vi arbeide for at dei yngre vert meir bevisst på kor viktig det er å tenkje på at det å ha ein god og tilrettelagt bustad vil medverke til at ein kan bu lenger heime.
Figur 10 viser folketalsframskrivning med middels nasjonal vekst:

Slik bur vi i Stad
Husholdingar
Det er 4044 hushaldingar i Stad kommune per 01.01.2022, dette er ei auke på 100 hushaldingar dei siste tre åra. I gjennomsnitt but det 2,15 personar per hushalding i Noreg, i Stad er det tilsvarande talet 2,35.
Få unge hushaldingar, mange alenebuande
Figuren under viser hushaldingar fordelt på hushaldingstypar. Inndelinga av type er basert på alder på den eldste hushaldinga og alder på det yngste barnet.
Figuren under viser hushaldingstypar i Stad kommune 2021 (Prognosesenteret, 2021).

Alenebuande utgjer ei stor gruppe, både blant unge, vaksne og godt vaksne. I 2022 utgjorde aleinebuande 36 prosent av hushaldingane. Den minste gruppa er unge par. Det er gruppa godt vaksne aleinebuande og godt vaksne par som har hatt den største auken dei siste ti åra.
Barn i 1 av 4 hushaldingar
Dei fleste bustadane er einebustadar
I Stad kommune er nesten 3 av 4 bustadar einebustadar, følgt av tomannsbustadar og bustadblokk/leilegheit. Tilsvarande for landet er om lag halvparten einebustadar, følgt av tomannsbustadar og rekkehus, kjedehus og andre småhus, som utgjer ein mykje større del i landet enn i Stad.
Fritidsbustadar
I Stad kommune er det registrert 966 fritidsbygg. Fritidsbygg omfattar hytter, sommarhus og bustadhus som brukast til fritidsbustad. Dei siste 5 åra har det i snitt blitt igangsett 7 nye fritidsbustadar per år.
Dei fleste hushaldingar eig sin eigen bustad
Av hushaldingane er 3 av 4 sjølveigde, nesten 1 av 4 er leigd og svært få er andels-/aksjeeigd. I landet er delen som er andels-/aksjeeigd høgare og delen som er sjølveigd lågare, delen hushaldingar i leigd bustad ligg nokså likt.

Unge i Stad kommune
Unge i aldersgruppa 20-29 år er busett over heile kommunen. I denne aldersgruppa er det ein del studentar som tek høgare utdanning. Desse studentane er i stor grad registrert som innbyggarar i heimkommunen sjølv om at dei i kvardagen bur ein annan stad.

Eldre i Stad kommune
Kartet under viser at dei som er 76 år og eldre bur nokså spreidd i heile kommunen. Nokre bygder har ein prosentvis større del enn andre. Desse er til døme Flatraket, Bryggja og Kjøde.

Innbyggarar over 76 år bur stort sett i einebustadar. Eldre bustadar har som regel ikkje livsløpsstandard og tilkomst til desse er som regel ikkje universelt utforma.
Bustadmarknaden i Stad
Ein velfungerande bustadmarknad skal danne ramma for at det blir bygd nok gode bustader med berekraftig kvalitet til ein rimelegast mogleg pris. Jo betre bustadmarknaden fungerer, jo enklare vil behova våre for bustad møtast på eit økonomisk effektivt, sosialt rettkomen og miljøvenleg vis.
Avgrensa bustadmarknad
Kommunescore er ein indikator for kommunens relative attraktivitet der pris og tal på omsetningar vert teke omsyn til. Det kan vere store lokale forskjellar i bustadmarknaden innan i kommunen. Kommunar med score 0 til 3 poeng har eit lite velfungerande bustadmarknad med tilhøyrande likviditetsrisiko. Score frå 4 til 9 poeng indikera moderat likviditet risiko og eit avgrensa bustadmarknad. Alle kommunar med score frå 10 til 20 har eit godt fungerande bustadmarknad.
Stad har ein kommunescore på 4 av 20 som betyr at bustadmarknaden i kommunen er avgrensa. Scoren for fritidsbustad er også 4 av 20. Innan i kommunen er det berre Nordfjordeid som har eit fungerande bustadmarknad. Ei utfordring med ein lav kommunescore er moglegheit for å få finansiering til kjøp og bygging av bustad.
I gamle Sogn og Fjordane er det Sogndal, Kinn og Sunnfjord som har eit velfungerande bustadmarknad. På fritidsbustad er det berre Stryn og Sogndal som er velfungerande med ein score over 10.
Gjennomsnittleg pris bustadar
Gjennomsnittleg kjøpesum for bustadar i Stad kommune låg i starten av 2021 på rundt kr 3 mill.

Gjennomsnittleg kvadratmeterpris i Stad kommune for 2020 var:
- Leilegheiter kr 36 471,-
- Einebustad kr 12 345,-
Små bustadar og leilegheiter har ein høgare kvadratmeterpris ein dei store. Dei dyraste leilegheitene har ein kvadratmeterpris opp til kr 60 000,-
Omsetning av brukte bustadar

Avgrensa leigemarknad
Den private utleigemarknaden er delvis prega av at det er få ledige utleigebustader og at det til tider kan vera vanskeleg å skaffe seg ein utleigebustad. Ledige utleigebustader i den private marknaden vert ofte ikkje annonsert, men vert stort sett formidla via privat kjennskap. Det er etablerte private grupper på Facebook for utleige av bustad.
Tilgjengelege bustadar
Bustader til sal i Stad kommune og nærliggjande kommunar. Oversikta under viser at Stad kommune har ein stor andel nye bustader for sal i forhold til brukte.

Tilgjengelege bustadtomter
Stad kommune har 80 offentlege bustadtomter for sal i alle delar av kommunen i følgjande bustadfelt: Hogaåsen (Nordfjordeid), Holmøyane, Løkjastranda (Haugen), Torvik, Stårheim, Kjølsdalen, Krakereid (Selje), Flatraket og Stave (Stadlandet). I tillegg er det fleire private bustadtomter både regulerte og i spreidd bygde strøk.
Igangsetjing av nye bustadar
Grafen viser utviklinga av tal igangsetjingsløyve per bustadtype for Stad kommune. Linja vise faktiske tall fram til i dag, samt ein matematisk berekning av framtidig igangsetting.

Grafen viser tall igangsetjingsløyve totalt per år frå 2017 til 2021.

Kjøpskapasitet
Kjøpskapasitet er ein verdi som viser kor stort beløp i kroner den enkelte bustadkjøpar maksimalt kan legge i eit bustadkjøp. Kjøpekapasiteten i kunnskapsgrunnlaget er berekna per voksen person i Stad kommune.
Ulik kjøpskapasitet i ulike fasar av livet
Summert lånekapasitet og eigenkapital gir berekna kjøpekapasitet. Kjøpekapasitet bustad er ein berekna verdi som viser hushalda si økonomiske moglegheit for å kjøpe bustad. Kjøpskapasitet er berekna per hushald. Data er bruttoinntekt og gjeld frå likningsdata, samt bustadformue frå bustaddata (kjelde: Grunnboka, Matrikkelen, takstdata og bustadannonsar). (Lånekapital er bruttoinntekt * 5 som er maksimalt. Eigenkapital er berekna verdi som i best mogleg grad kan brukast til bustadkjøp.)

For å skape gode løysingar må ein sjå på korleis ein best mogleg og meir heilskapleg kan bruke verkemidlane.
Alle treng ein stad å bu
Barnefamiliar: Behov for gode moglegheiter for å gå frå leigemarknaden til å eige sin eigne bustad. Viktig for å utjamne sosiale skilnadar og utvikle tilhøyre.
Tilflyttarar: Avhengig av å finne seg ein plass å bu for å kunne flytte til kommunen. Viktig for livskraftig og attraktivt samfunn - oppretthalde befolkningstal. Ofte behov for utleigebustadar.
Unge vaksne: Behov for gode moglegheiter for å gå frå leigemarknaden til å eige sin eigen bustad, eller behov for utleigebustadar. Viktig for livskraftig og attraktivt samfunn - oppretthalde befolkningstal.
Eldre: Behov for tilrettelegging av hensiktsmessige bustads løysingar.
Personar med nedsett funksjonsevne: Behov for å leige eller kjøpe tilrettelagte bustadar.
Elevar og studentar: Behov for rimelege leigeobjekt som er sentrumsnære og gjev sosiale moglegheiter.
Flyktningar: Ofte leigetakar av kommunale bustadar, og ofte mindre startkapital til å kunne kjøpe eigen bustad. Fleire flyktningar i Stad kommune i åra framover - behov for å planlegge korleis ein skal sikre bustad til desse.
Unge uføre: Vanskeleg å komme seg inn i bustadmarknaden og kjøpe seg ein eigen bustad.