Kommuneplan Samfunn

Kommuneplanen er kommunen sin overordna styringsverktøy og inneheld to delar; ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen legg føringar for samfunnsutvikling og tenester. Stad kommune har i 2020 utarbeidd ein samla sammfunnsdel for den nye kommunen. 

I kommuneplanen sin samfunnsdel skal kommunen ta stilling til langsiktige utfordringar og setje mål og strategiar for å utvikle kommunen i heilskap, som samfunn og organisasjon.

Kommuneplanen sin samfunnsdel

Kunnskapsgrunnlaget Status og utviklingstrekk for Stad kommune 2019 ligg til grunn for kommuneplanen sin samfunnsdel. I kunnskapsgrunnlaget er det lagt til grunn at: «Krav til oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar i kommunen er dekka i dette dokumentet, jf. folkehelselova § 5.».

Status- og utviklingstrekk 2019

I samfunnsdelen har Stad kommune lagt vekt på kva vi vil oppnå. I planen er det difor lagt vekt på den overordna effekten av fleire tiltak, framfor konkrete tiltak. Dess lenger ned i plansystemet vi kjem dess meir konkrete tiltak vil komme til syne. Som overordna styringsdokument vil det vere hensiktsmessig å utforme planen med overordna mål og strategiar som skal fungere som styringsverktøy for organisasjonen si verksemd – både i samfunnet og i organisasjonen.

Medverknad

I høyringsperioden var det arrangert ulike opplegg for å legge til rette for at innbyggarane skulle bli kjent med forslaget til ny samfunnsplan og kunne delta med sine meiningar om framtidig utvikling av Stad.