Arealendringar er den viktigaste årsaka til tap, svekking og fragmentering av natur både globalt og nasjonalt. Det er summen av alle lokale avgjersler som fører til nedgang i naturmangfaldet. Den store utfordringa er at vi framleis bygger ned svært mykje natur i heile landet. Ein naturmangfaldplan er ein langsiktig plan for naturmangfaldet i Stad kommune.
Formålet med kommunedelplan for naturmangfald er å bidra til kunnskap og bevisstheit om naturen, som grunnlag for interesseavveging. Ein naturmangfaldplan skal også identifisere tiltak for sine naturverdiar, som skal sikre at naturen blir forvalta på ein god måte.
Les meir om plan for naturmangfald på miljødirektoratet si nettside.
Korleis kan du bidra? Bli ein artsjeger og bli med på artsjakt i sommar!
Gjennom arbeidet med naturmangfaldplanen ønskjer vi mellom anna å etablere eit godt kunnskapsgrunnlag om naturmangfaldet i kommunen. Og her kan du bidra med å gå på artsjakt og registrere artar! Dette kan gjerast til ein kjekk aktivitet på tur med venar og familie, eller på eigenhand. Les her for meir informasjon om korleis identifisere artar og registrere funna dine. Direkte lenke til å registrere artar i «Artsobservasjoner» finn du her.
Korleis kan du bidra? Gje oss innspel på lokalt naturmangfald!
Har du konkrete innspel til lokalt naturmangfald som du meiner kommunen bør ta med i planarbeidet? Send inn innspela dine via kommunen sitt innspelsskjema.
Døme på kva natur vi ønskjer innspel på:
- funksjonsområde for artar, til dømes rasteområde for fugl eller forflyttingskorridorar for hjortevilt
- viktig grønstruktur
- kantsoner og restområde i jordbrukslandskapet
- samanhengande naturområde utan inngrep
- samanhengande myrområde
- område med stor utbreiing av framande artar
Merk at mykje natur er allereie kartfesta i dei nasjonale databasane Artskart og Naturbase. Vi ønskjer fortrinnsvis informasjon om natur som ikkje allereie eksisterer i nasjonale databasar. Observasjonar av enkeltartar kan registrerast direkte i den nasjonale databasen Artsobservasjoner.
Korleis kan du bidra? Kom med innspel til planprogrammet for naturmangfaldplanen! Planprogrammet er på høyring i sommar med høyringsfrist 31. august 2025. Her kan du lese meir om høyringa og om korleis gje innspel. Ved spørsmål, kontakt Marte Sofie Søreide (marte.sofie.soreide@stad.kommune.no) i Stad kommune.