Arbeidsverkstad med 9. trinn, 15.06.23Den 15. juni 2023 vart det gjennomført ein workshop med elevane frå Eid ungdomsskule. Dersom ein ønskjer at barn og ungdom skal ha lyst til å bu i regionen også i framtida, er det ikkje nok å berre kalle dei unge "framtida vår". Dei unge må og få kome med innspel og idear til det som angår deira kvardag, og få ta del i skapinga av denne.Involvering av ungdom i samfunnsutviklinga fører til læring og styrker forståinga for kommunale prosesser.Workshop Fem område/ting som er bra skal nummererast og markerast med :) Fire område med gode idear skal nummererast og markerast med hjarte Tre område/ting som er mindre bra skal nummererast og markerast :(Det er interessant å merke seg at ungdom tilfører samfunnsdebatten perspektiv som er annleis frå andre interessegrupper. Ungdom er ekspertar på korleis det er å vakse opp i dag. Dei tenkjer kreativt og ser ting frå andre perspektiv enn vaksne. Ungdomsskuleelevane hadde fleire gode idéar. Under kan de sjå ungdomanes innspel: Område/ting ungdom er nøgde med: Eksersisplassen/Malakoff-området – bra uteareal og samlested Malakoff – konserter Alti Sagaparken Hamna Badeplassen ved godsen Fotballbana Operahuset/Kinoen – konserter, forestillinger, padletennis Circle K Kiwi – fint med matbutikk i nærleiken av skulen Skuleområdet med sitteplassar ute Idrettsparken Område/ting ungdom er mindre nøgd med Skulebygga blir omtalt som gamle og utdaterte, her vart toalettfasilitetane og ventilasjon nemnt spesifikt. Det vart og nemnt at skulen nyttast som ein møteplass og at mange røykar og drikk utanfor skulen. For å hindre dette kom det innspel om at dette kan løysast ved å ha vaksne til stede. Hallen på barneskulen har glatt gulv og blir sjeldan brukt Alti vart nemnt som noko ein er nøgd med, men det kom fleire innspel om at ein ønskjer nokre endringar i/tilføringar til butikk-samansetninga på Alti. Ungdomane ønskjer butikkar som Normal, Zara, Bik Bok og H&M. Det kom og innspel om at ungdomane ønskjer leiker, grønt gras og blomster i området mellom Alti og fjorden. På stadion peikar ein på mangelen på sitteplassar. Det kom ønskje om benkar i bakken. Sagaparken vart nemnt som noko ein er nøgd med, men det kom fram at det er mykje skjell, tang, skitten sand og steina på stranda. Det kom og innspel om at ein ønskjer å forbetre fontena, ha lys bord og stolar i hytta, betre toalett og eit skifterom. Vatnet i dusjene vart nemnt som iskaldt og alt for hardt til at ein ønskjer å nytte seg av det. Vallhall vart nemnt som ein stad med stort potensiale. Det kom fram at mange røykar og drikk der, noko som gjer det til ein stad nokon ikkje ønskjer å vere på. Det kom innspel om at ein ønskjer å fikse opp bygget ved å male det, fikse toaletta, dekorere og bytte kledning. Cruiseskip: Mykje ureining/øydelegging, forstyrra lokalsamfunnet, alt for masse folk som tek i bruk møteplassar og kjem inn på skuleområdet. Lite jobbtilbod for ungdom under 16 år. Mange ønskjer å tene eigne penger. Det kan gjerast ved å jobbe i klesbutikk, vaske, jobbe på kafe, eldreheim, kjøkken ol. Lokale bedriftar må vise at dei ønskjer ungdomar. Tiltak/idear ungdom ønskjer realisert Skuleområdet Ope toalett på skulen 24/7 Meir sitteplassar og utval i kantina Pusse opp skulen og få betre møblar Pusse opp toaletta med dører som går heilt ned til golvet Meir penger til skulen Alti Utvide senteret med fleire butikkar ved å få ein ekstra etasje. Forslag til klesbutikkar: BikBok, H&M, Normal, Gina Tricot, Zara, Sephora, Lyko, Vita, New yorker Forslag til spisestader: Mc Donalds, Espresso house, Frozen yoghurt Fleire sitteplassar Fleire fotballdrakta på Sport1 Parasollar på borda utanfor Sjøkanten kafé Eidsgata Bowlinghall og matservering ved gamle Dolce Vika Nomil sine lokala – fretex, fleire butikkar, godteributikk, meir fargar Mc Donalds eller Burger King Nytte seg av møteplassen (Gamle Narvesen) til spillkvelder, disco, workshops, ungdomsklubb, ol. Sagaparken Gjere gapahuken meir praktisk med bord, benk og lys Leggje opp til fleire aktivitetar i vatnet: for eksempel stupebrett Forbedre badeområdet ved å fikse sanden, den er for steinete Større og betre flåte Disser med utsikt over fjorden Toaletta er ikkje noko fine Fikse dusjane: vatnet er for kaldt og for hardt Kiosk Utleige/utlån av volleyball til volleyballbana Flåten er full av fuglebæsj, sette opp nokke for å skremme fuglene Eksersisplassen/Malakoff-området Huset med scene kunne vore gjort om til ein kafé/kiosk med karaoke og spel Alltid ha ein fontene med vatn, spesielt om sommaren, slik at ein slipp å vere tyst hele tida Pynte opp området med fontene, blomstrar og benkar Frisbee golf Fleire konsertar og vinter-Malakoff Lage eit fint uteområde til sommaren med for eksempel telt, sitteplassar, grillplass og zipline, med god plass til alle Vallhall: Nytte Vallhall som ein ungdomsklubb med musikk og snacks. Tilrettelagt for alle og ope kvar helg. Godsterminalen Stupetårn Ny stige slik at ein kjem seg opp frå vatnet Bygge ut og lage ein badeplass der det er djupt med stupetårn av ulik høgde (1m., 3m. og 5m.) Tilretteleggje meir for bademiljø Osvika Sandstrand, utvide badeplassen Flytebrygge Stupetårn Nordøyrane Strand – Hawaii style Aktivitetar (minigolf, volleyball, padle, osv.). Møteplass med benka bak Circle K Idrettsparken Drikkefontene Tribune/benker Stadion Tribune/benker Forbetre fotballbana – tartandekke rundt bana Gokart rundt fotballbana i øyane Idrettshall Forbetre idrettshallen då denne er gammal og slitt Dobbel handballhall, større og betre Symjehall Sklie Stupebrett Nye startpalla Badstue Ny hall Kollektiv-transport Gratis bussrute for ungdomsskule/vgs elevar på fritida og til og frå skulen for dei som ikkje ligg innafor skuleskyssgrensa Fast gratis ettermiddagsbuss Anna Pynte veggen med ein stor kvit plate som alle som vil kan teikne eller male på (trafikkstasjonen) Fleire blomstar overalt – nydeleg Narvesen slått saman med ein matbutikk Fleire turstiar rundt om på fjella rundt Eid Rafting i Eidselva Rusta ved Felleskjøpet Kyrkjetunet oftare nattkafe Plassen ved Kiwi/Elkjøp er dårleg brukt. Kan bygge MIX, Burger King, el. Få tilbake Narvesen, ope kvar dag – bra om sommaren då det ligg i sentrum Golfbana/Stokkenes – minigolf Fleire benka/sitteplassar Få fødetilbodet tilbake på Eid Tilbod om gratis/nedsatt pris på treningssenter for barn og unge (få unge i aktivitet) Gymmen ope heile tida Det vart og fremja forslag om at ungdom kan få i sommarjobb å iverksette alle desse forslaga. Publisert 16.06.2023 01.37 Sist endra 05.03.2024 15.33