Forprosjekt sambruk og lokalisering skule og idrettKommunen har sett eit behov for ein langsiktig og føreseieleg plan for utvikling av dei offentlege bygningane for både skule- og fysisk aktivitet. Det er strategisk viktig at områda rundt idrettshallen, idrettsparken og skulane i Nordfjordeid blir utvikla gjennom ein sambruk, slik at området er godt tilrettelagt for barn og ungdom både i skulen og på fritid. Resultatmål: Rammeplan med mål, strategiar og tiltak for i størst mogleg grad av sambruk av beståande skule- og idrettsbygg mellom kommunen og idretten i Nordfjordeid. Framlegg til utvikling av nye anlegg som er med på å bygge opp under sambruksmodellen skule og idrett Ny løysing for trafikkavvikling og parkering for skule og idrettsområdetEffektmål: Berekraftig bruk av bygg (økonomi, fotavtrykk m.m) Berekraftig og trygge lokalsamfunn (barn og unges helse, fortetting, arena for samskaping, møteplass på tvers etc) Funksjonell og effektiv bruk for eigar av bygg og brukarar av bygg Føreseielege rammekår mellom kommune og idrettEid IL, Stad idrettsråd og og Stad kommune er samde om at ein vil utgreie moglegheitene for å samlokalisere Eid IL fotball i endå større grad på heile skule- og idrettsområdet, og utgreie potensialet for endå meir sambruk av eksisterande bygg. Innspel frå arbeidsverkstaden 31.01.2023Innspel frå arbeidsverkstaden 17.02.2023Gjennom arbeidsverkstaden med prosjektgruppa kom det fram at det er ein del trafikale utfordringar i området rundt skuler og idrettsparken. Administrasjonen har til no hatt eit dialogmøte med Statens vegvesen kor ein såg på dagens trafikale situasjon. Dialogmøte med Statens vegvesen 03.03.2023ProsjektgruppaDei ulike prosjektmedarbeidarane skal bidra med kunnskap og innspel i forhold til å utvikle idrett og skuleområdet som sambruk. Arild Vonheim - Stad kommune Gry Leikanger - Stad kommune Kristina Høydahl - Stad kommune Peder Felde - Eid ungdomsskule Anne-Grete Eikås - Nordfjordeid skule Kenneth Vedvik - Nordfjordeid skule Alf Reidar Myrstad - Eid vidaregåande Ståle Sandal - Eid idrettslag Stein Bjørhovde - Stad idrettsråd Geir Moldestad - Eid idrettspark Silvia Førde - Fjordane folkehøgskule Publisert 01.02.2023 09.32 Sist endra 06.03.2024 09.34
Skule- og idrettsområde konseptval Kommunestyret vedtok under orienteringssak frå ordførar å løfte om sak om samlokalisering skule/idrett som politisk sak i kommunestyremøte 13. desembe...
Norconsult - Skule- og idrettsarena Norconsult har på oppdrag frå Stad kommune gjennomført ein medverknadsprosess og ei moglegheitsstudie for sambruk og utvikling av skule- og idrettsomr...
Orienteringssak - Forprosjekt sambruk og lokalisering skule og idrett Saka vart lagt fram for formannskapet som arealplanmynde til orientering den 13.06.2024, med sikte på vidare arbeid og avklaring.
Dialogmøte med Statens vegvesen Onsdag 03.05.23 vart det gjennomført eit dialogmøte mellom Statens vegvesen og administrasjonen hvor det trafikale utfordringar i skule- og idrettsomr...
Arbeidsverkstad 17.02.2023 - ønsker Det vart den 17.02.2023 gjennomført ein arbeidsverkstad med representantar frå skule- og idrett. Eid IL, Stad idrettsråd og Stad kommune er samde om a...
Arbeidsverkstad 31.01.2023 - forventningar og utfordringar Det vart den 31.01.2023 gjennomført ein arbeidsverkstad med representantar frå skule- og idrett.