Dialogmøte med Statens vegvesen

Onsdag 03.05.23 vart det gjennomført eit dialogmøte mellom Statens vegvesen og administrasjonen hvor det trafikale utfordringar i skule- og idrettsområdet vart diskutert.

Foto: Anders Aa. Hagen

Hensikten med dialogmøtet var å synleggjere trafikale utfordringar i nærleiken av skule- og idrettspark. Fleire utfordringar vart lagt fram, m.a. skulevegen og området ned mot Riksveg 15. 

Det er ønskjeleg med trygge trafikale forhald for barn og vaksne som ferdast rundt skule- og idrettsparken. Representantane frå Statens vegvesen vart med på ein synfaring i området. Alle parter vart samde om å fortsette dialogen for å finne løysingar på dei trafikale utfordringane.