Formålet med denne planen er å sette ei retning for utviklinga innan fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett i Stad kommune dei neste 12 åra. Kommunen skal vere ein aktiv tilrettelegger, samskapingspartnar, og arealforvaltar for friluftsliv og fysisk aktivitet. Planen skal hjelpe oss å løyse dei utfordringane som Stad kommune står ovanfor. Sentrale utviklingstrekk innan fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett er skildra i kapittel 2 i planen.
Planen skal vere eit styringsverktøy som kan brukast saman med frivillige lag og organisasjonar og andre aktørar. Det er ein langsiktig plan som peika ut retning og strategiske satsingar, men går ikkje i detaljar i planlegging for konkrete prosjekt som til dømes nye anlegg, plassering med meir. Planen består av ein hovuddel og eit kunnskapsgrunnlag. Hovuddelen er det operative dokumentet.
Kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett - PDF (PDF, 3 MB)
Kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett - DIGITALT
Kunnskapsgrunnlaget omhandlar viktige tema og inneheld utfyllande kunnskap om status i høve fysisk aktivitet og friluftsliv i Stad kommune, og utviklingstrekk og satsingar nasjonalt, regionalt og lokalt. Kunnskapsgrunnlaget gjev oss den nødvendige kunnskapen og forståing for å følge opp våre mål og strategiar
Kunnskapsgrunnlag til planen
Stad kommune har valt innsatsområde som skildrar kva vi må prioritere for å oppnå målsetningane. Kvart innsatsområde har underliggande strategiar. Strategiar er vegvala vi må ta for å utvikle oss i ønska retning. I tillegg skildrar vi under kvart innsatsområdet handlingsrommet – altså handlingar som støtte opp under innsatsområda og strategiane.
Dette satsar vi på!
- Tilrettelegging for eit aktivitetsvennleg samfunn
- Alle med i aktivitet
- Behovstilpassa infrastruktur og anlegg
- Tilrettelegging for samarbeid og samskaping