Kommunedelplan for oppvekst 2023-2035

Kommunedelplan for oppvekst skal følgje opp kommuneplanen sin samfunnsdel, og sikre at Stad kommune har eit politisk styringsdokument og -verktøy som sikrar barn og unge ein god og trygg oppvekst i kommunen. Kommunedelplan for oppvekst skal møte samfunnsutfordringane våre på kort og lang sikt.

Oppvekstplanen vart vedteken av Stad kommunestyre i møtet den 9. februar 2023, KS sak 23/016 

Kommunedelplan oppvekst Stad 2023-2035 er den første langsiktige strategiplanen for oppvekst i Stad kommune. Planen skal legge grunnlaget for kommunen sine prioriteringar i handlingsprogram, budsjettvedtak og verksemdsplanar på einingsnivå. 

Det er tre sentrale plantema i kommunedelplan oppvekst. Kvart plantema har eigne delmål som ligg under det overordna oppvekstmålet i Stad, og som definerer det overordna målet nærare:

  1. Barn og unge si helse
  2. Barnehage og skule som oppvekstarena
  3. Førebyggande arbeid og samarbeid om oppvekst

Strategiane og tiltaka legg føringar på fordeling av dei økonomiske rammene på oppvekstområdet og skal ligge til grunn for kommunen sine prioriteringar.

Kommunedelplan for oppvekst 2023-2035

Kunnskapsgrunnlag 

Artikkelliste