Klimamål

I samband med arbeidet med temaplan for klima jobbar Stad kommune med å sette seg klimamål. Vi ønskjer innspel til utkast til klimamåla!

Mål er ei beskriving av det vi vil oppnå i framtida. Stad kommune ønskjer å vedta gode klimamål som alle i samfunnet står foreint om og kjenner eigarskap til.  Det trengs ein felles innsats for å stanse klimanedringar, ta vare på naturen og førebu oss på konskevensane av klimaendringane. 

Admiralsommarfugl - Klikk for stort bilete Ulf Amundsen

Planen har tre innsatsområde:

  • Utslepp av klimagassar
  • Klimatilpassing
  • Arealbruk og naturmangfald

Klima og miljø er ein premiss for samfunnsutviklinga. Alle i Stad kommune skal kunne leve gode liv i eit lågutsleppssamfunn som er tilpassa eit klima i endring. Vi skal ta vare på naturen som vårt livsgrunnlag og dermed sikre velfungerande økosystem som også er viktig for å redusere klimagassutsleppa og skape eit klimarobust samfunn.  

Stad 2030

Hovudmål

Hovudmålet er eit vedteken mål frå kommuneplanen sin samfunnsdel:

“Stad kommune deltek i arbeidet for å nå dei internasjonale klimamåla og arbeider for at vekst og utvikling skjer innanfor naturen sine tolegrenser.”

Nedanfor presenterar vi utkast til delmåla. Delmåla er ikkje politisk vedtekne enda. Det er eit utkast til vidare drøfting og diskusjon.  Delmåla ble presentert til samfunnsutvalet i juni 2024 (sjå presentasjonen her.)

Delmål - Direkte utslepp

  • Klimagassutsleppa i 2030 reduserast med minst 55 % ut frå utsleppsnivået i referanseåret 2009. 
  • Klimagassutsleppa i 2050 reduserast med minst 90-95 % ut frå utsleppsnivået i referanseåret 2009. 
Sjøfart etterfulgt av jordbruk og vegtrafikk er dei største utsleppskjeldane i kommunen.

Delmål - Klimafotavtrykk 

  • Vi reduserer klimafotavtrykket ved å ta vare på ressursane våre gjennom sirkulære løysingar og redusert forbruk

Delmål - Klimatilpassing

  • Stad er eit trygt og klimarobust samfunn som er førebudd på konsekvensar av klimaendringane.

Grunnleggande for å skape klimarobuste samfunn er å sikre robuste økosystem og naturmangfald. Klimatilpassingstiltak skal ikkje gjere oss meir klimasårbare eller auke klimagassutsleppa . Vi må skape eit klimarobust samfunn basert på oppdatert forsking, framskrivingar, lokal kunnskap og lokale løysingar 

Delmål - Arealbruk og naturmangfald

  • Arealbruken i kommunen bidreg til å hindre tap av naturmangfald, redusere klimarisiko og auke opptaket av klimagassar.   
  • Arealbruken i kommunen er arealnøytral.

Utvikling skal skje ved gjenbruk og fortetting av allereie utbygde areal, framfor å bygge ut meir natur, og dermed stanse arealforbruket.  

Gi innspel!

Digitalt innspelsskjema
Eller send e-post til: post@stad.kommune.no og merk e-posten med 23/3828.