Rusmiddelpolitisk handlingsplan Stad kommune 2024-2028Rusmiddelpolitisk handlingsplan skal dekke heile det rusfaglege området: Førebyggande innsats, løyvepolitikk og behov for innsats på rehabiliteringsområdet. Unsplash Alkohollova § 1-7 bokstav d stiller krav om at kommunen skal ha ein alkoholpolitisk handlingsplan. Dei aller fleste kommunar utarbeider dette som ein rusmiddelpolitisk handlingsplan, dette er også praksis i Stad kommune. Planen handlar om å redusere negative konsekvensar av rusmiddelbruk.Sal og skjenking av alkohol er regulert av alkohollova og alkoholforskrifta. Denne lova med tilhøyrande forskrift, gjev kommunen mynde til å delvis regulere sal og skjenking av alkohol lokalt. Dette vert gjort ved at kommunestyret i kommunestyreperioden vedtek kommunale retningslinjer, og lokal forskrift om sals- og skjenketider for alkoholhaldig drikk og om opningstider for serveringsstadar. Rusmiddelpolitisk handlingsplan vart vedteken av Stad kommunestyre i møte 12. september 2024, KS-sak 24/125.Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2024-2028Kunnskapsgrunnlag og andre vedleggKunnskapsgrunnlag (PDF, 1004 kB)Lokal forskrift sals- og skjenketider for alkoholhaldig drikk og om opningstider for serveringsstadar Kommunale retningslinjer sal og skjenking 2024-2028 (PDF, 196 kB) Publisert 09.10.2024 10.39 Sist endra 09.10.2024 14.56