Melding om svak kloring av drikkevatnet frå Nordfjordeid vassverk sone Prestemarka

Det vert måndag 7. oktober sett i gang lokal kloring av drikkevatnet i deler av Prestemarka som vert levert frå Nordfjordeid vassverk.

Det er ei lågdose-tilsetting som vert gjort for å fjerne uønska bakterievekst ute i leidningsnettet. Klor kan gje litt lukt og smak på vatnet. Tiltaket er mellombels og vil vare fram til vassprøvene syner at vatnet igjen er heilt reint og bakteriefritt.

Bakgrunnen for kloringa, er at det er funne koliforme bakteriar i vatnet ute på leidningsnettet. Som regel er ikkje koliforme bakteriar i drikkevatnet eit problem i seg sjølv. Vatnet er godt drikkande, og det er ikkje vurdert som naudsynt å koke det først. Årsaka er såleis venta å vere knytt til leidningssystemet. Stad kommune vil ta prøver av vatnet og utføre tiltak fortløpande, og vi har eit godt samarbeid med Mattilsynet i høve til kva tiltak som vert gjort.

 Prøvane viser at vasskvaliteten er god i resten av Nordfjordeid vassverk.

Sjå her kven som er berørt