Vallokale og opningstider valdagen

På valdagen må du røyste i kommunen du er folkeregistrert busett i per 30. juni 2025.

Du kan røyste på følgjande stadar i Stad kommune på valdagen måndag 8. september 2025:

Vallokale og opningstider på valdagen
KrinsStadOpningstid
RefsnesStad bygdehuskl. 14.00-18.00
FlatraketFlatraket skulekl. 14.00-18.00
SeljeSelje skulekl. 12.00-18.00
StadlandetStadlandet skulekl. 12.00-18.00
BryggjaBryggja grendehuskl. 14.00-18.00
KjølsdalenKjølsdalen Montessori skulekl. 14.00-18.00
StårheimStårheim skulekl. 14.00-18.00
HaugenHaugen skulekl. 14.00-18.00
NordfjordeidEid idrettshuskl. 10.00-19.00
HjelleHjelle skulekl. 14.00-18.00

 

Du må ta med legitimasjon

Det einaste du treng å ta med når du skal røyste er legitimasjon. Det er ikkje nok å oppgi namn og fødselsdato. Sjå kva som krevst av ein godkjend legitimasjon.

Slik røystar du

Illustrasjon stemmeseddel - Klikk for stort bilete

Ta den røysteseddelen du vil bruke.

Illustrasjon brette seddel - Klikk for stort bilete

Brett røysteseddelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut - då kan ingen sjå kva du har røysta.

Det skal ikkje brukast konvolutt eller anna omslag rundt røysteseddelen.

Illustrasjon stempling av seddel - Klikk for stort bilete

Gå til ein valfunksjonær, og få stempel på utsida av røysteseddelen. Dette er viktig for at røysteseddelen skal bli godkjend.

Legg røysteseddelen i valurna.