Eigenberedskap

Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst ei veke dersom straum og vatn plutseleg vert borte?

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) anbefaler at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betra sin eigenberedskap. Dei har utarbeidd konkrete råd for alle innbyggjarar som du kan lese på sikkerhverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klara seg heime i minst éi veke.

Kvifor eigenberedskapsråd?

Ekstremvêr kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnettet.

I tillegg er vi som bur i Noreg, som er blant verdas tryggaste og mest stabile land, vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er likevel mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ein sårbarheit.

Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar skje også hos oss. Om vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.

Ved å vere førebudd kan du medverke til at du kan hjelpe dei som treng hjelp i ein  eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Brosjyre, norsk (PDF)

Brosjyre, engelsk (PDF)

Brosjyre, polsk, somalisk, arabisk, (PDF)