Varsling ved nasjonale kriser
Varsom.no
Varsom.no er den offisielle norske nettsida for varsling av naturfarar. Her finn du oppdatert informasjon og farevarslar for ulike typar naturfarar i Norge, deriblant
snøskredvarsel, varsel om nedbør, flaum- og jordskredvarsel.
Tyfonvarsling
Varslingsanlegg (ofte kalt tyfonar eller flyalarm) kan nyttast når befolkninga skal varslast om akutt fare. Når alarmen uler, betyr det at du må søke informasjon. 
Sivilforsvaret prøver installasjonane to gonger i året, vanlegvis andre onsdag i månadane januar og juni. 
Les meir på sikkerhverdag.no. 
Beredskapskanalen NRK P1
NRK har ansvar for å sende beredskapsmeldingar og informasjon frå styresmaktene på radio. NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til publikum, også dersom andre medier og offentlege nettstadar ikkje er tilgjengelege.
NRK kan også bryte igjennom med viktige meldingar til befolkninga på alle NRK sine radiokanalar. 
Les meir på sikkerhverdag.no. 
Nødvarsel på mobil
Nødvarsel er ei teneste frå norske styresmakter. Dersom det oppstår ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse der du er, kan du få eit nødvarsel på mobiltelefonen. Eit nødvarsel inneheld informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å verne deg sjølv. 
Les meir om nødvarsel på nødvarsel.no.
Kommunen sine informasjonskanalar
Kommunen formidlar relevant informasjon i fleire kanalar, mellom anna på kommunen si nettside og gjennom sosiale medier. I tillegg nyttar vi telefonvarsling/sms dersom det oppstår situasjonar der det er viktig å nå 
ut med informasjon raskt.
Adressebasert varsling via SMS kan til dømes skje:
- ved evakuering
- når du må koke vatnet
- ved vassbrot
 
Stad kommune brukar Gemini Varsling for å varsle innbyggarane via SMS. Om kommunen ikkje klarer å varsle via digitale kanalar, mobiltelefon eller radio, vil varsling kunne skje ved fysisk oppmøte ved bruk av kommunen sine tilsette, sivilforsvaret, Røde kors m.v.