Har du ledig bustad for utleige?Det er behov for fleire bustadar i kommunen. Det kjem stadig flyktningar til Norge som er på flukt frå krigen i Ukraina og andre stadar i verda, og det blir jobba jamt med å etablere fleire busettingsplassar over heile landet. Kommunen treng også bustadar til andre innbyggjarar. For å få til planlagt busetting treng kommunen tilgang på fleire bustadar, og ønsker no å gjere ei ny kartlegging av privatpersonar eller organisasjonar som ønsker å tilby midlertidig innkvartering eller fast busetting. Har du ledig husrom/bustad du ønsker å gjere tilgjengeleg registrer her: Registrer ledig bustad/husrom Registreringa er uforpliktande både for deg og for kommunen. Dersom det vert aktuelt for kommunen å leige bustad av deg, vert du kontakta. Publisert 08.06.2023 13.39 Sist endra 09.06.2023 15.14