Kven kan søkje om kommunal bustad?

Kommunal utleigebustad er for vanskelegstilte på bustadmarkedet. Å vere vanskelegstilt på bustadmarkedet betyr at du treng hjelp til å skaffe deg ein bustad på grunn av dårleg økonomi, nedsatt funksjonsevne og helsemessige eller sosiale problem.

Korleis søkjer du?

Søk så snart som muleg. Det kan ta tid å få tildelt bustad og få flytte inn i bustaden. Du må søkje skriftleg.

Dersom du får oppfølging av ei kommunal teneste, tar du kontakt med din kontaktperson i den aktuelle avdelinga for å søkje om kommunal bustad.

Dersom du ikkje har oppfølging frå ei kommunal teneste, kan du ta kontakt med Stad kommune på Kommunehuset i Selje, Rådhuset på Nordfjordeid, ved oppmøte på NAV Stad, eller ved å ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33.

Dersom du får oppfølging frå NAV Stad kan du søkje elektronisk om kommunal bustad her.

Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, får du skriftleg beskjed om grunnen til dette og når du kan forvente svar på søknaden. Når søknaden er ferdig behandla får du tilsendt eit skriftleg vedtak.

Her finn du retningslinjene for tildeling av kommunal bustad. (PDF, 732 kB)

Ordensregelement for kommunale bustader finn du her (PDF, 440 kB)

Betalingssatsar i Stad kommune

Klage

Klagefrist er 3 veker frå du mottek vedtaket. Klagen må innehalde begrunning for klagen og eventuelle nye opplysningar og dokumentasjon. Send klagen til den tenesta i Stad kommune som har fatta vedtaket.