Kven kan få startlån?
- Du som har låg inntekt og derfor ikkje kan spare opp eigenkapital.
- Du som leiger bustad og har barn, og har behov for å stabilisere busituasjonen raskt.
- Du som får varige trygdeytingar og manglar eigenkapital.
Du må ha nok inntekt over tid til å betene eit lån.
Med eit startlån kan du
- Kjøpe ein nøktern bustad som er eigna over tid
- Utbetre og tilpasse bustaden din ved nedsett funksjonsevne
- Refinansiere dyre lån om du står i fare for å miste bustaden du eig
Korleis søkjer du?
Du kan søkje elektronisk. Opprett søknad på husbanken.no.
Det er Stad kommune som handsamar søknaden din.
Stad kommunestyre godkjente nye retningsliner for startlån og bustadtilskot den 14.09.2023 - KS-23/123
Retningsliner for startlån og bustadtilskot
For hjelp og veiledning ta kontakt med Arild Vonheim på telefon 904 09 929 eller e-post: arild.vonheim@stad.kommune.no