Eininga spelar ei viktig rolle når det gjeld realisering av mange av dei strategiske satsingane innan mottak, busetting, integrering, opplæring og sysselsetting av flyktningar, og flyktningane sin deltaking i samfunnslivet.
Stad kommune buset flyktningar etter avtale med IMDI (integrerings og- mangfaldsdirektoratet). Det er integreringstenesta i Opplæring og integrering som har ansvaret for denne jobben. Opplæring og integrering ligg under kommunalområdet Oppvekst og opplæring i Stad kommune.
Det er Integrerings og- mangfaldsdirektoratet (IMDi) som tildelar kommunane flyktningar etter gitte kriteria. Kommunen har jamleg kontakt med IMDI frå vi får melding om at det er personar eller familie som er klare for busetting fram til vedkomande kjem til kommunen.
Flyktningar som ønsker busetting i Stad kommune, må ta kontakt med busettingsansvarleg på deira mottak. Mottaket tar kontakt med IMDI som styrer busetting i kommunane. Flyktningar som har fått avtale om busetting kan begynne å lete etter bustad. Dei vil få bistand frå Integreringstenesta til dette arbeidet.
Besøktsadresse: LA-bygget, Langelandåsen 23, 6770 Nordfjordeid
Postadresse: Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid