Stad vaksenopplæring

Stad vaksenopplæring har undervisning tre stadar. ​
LA-bygget på Nordfjordeid, kommunehuset i Selje og på Eid vidaregåande skule.​

Skulen underviser vaksne innvandrarar med plikt eller rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Mange av desse har også introduksjonsprogram.​ Ved kapasitet gir vi også opplæring til betalande elevar utan rettar eller plikter. Dei betaler satsar etter gebyrsatsane i Stad kommune.

Samtidig driv vi førebuande opplæring for vaksne etter opplæringslova (FOV). Det er eit tilbod som skal kvalifisere deltakarane til vidaregåande opplæring. Deltakarane blir kartlagde og innplasserte etter nivå. Denne opplæringa vert gitt ved LA-bygget på Nordfjordeid.

Dersom du vil starte på norskopplæring eller førebuande opplæring for vaksne, kan du ta kontakt med rektor.

Stad vaksenopplæring arrangerer norskprøver to gongar i året (sommar og vinter). Skulen arrangerer også prøve i samfunnskunnskap og statsborgarprøven fire gongar i året.

Kontakt

Vigdis Heimdal Reksnes
Rektor
E-post