Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogram er eit tilbod om opplæring og arbeidstrening slik at du kan få den oppfølginga du treng for å komme i arbeid. Målet med programmet er at du skal blir avklart mot arbeid eller anna form for aktivitet.

For å delta i eit kvalifiseringsprogram må du vere i yrkesaktiv alder, ha vesentleg nedsatt arbeids- og inntektsevne, og ha svært avgrensa midlar til livsopphald.

Programmet passar for deg som:

Kva tilbyr vi?

Du og rettleiaren din samarbeidar om å finne ut kva bistand du treng for å kome i arbeid. De skal saman lage eit program som skal innehalde arbeidsretta tiltak, opplæringsaktivitetar, individuell oppfølging og rettleiing. Det kan også settast av tid til naudsynt helsehjelp. Du har sjølv ansvar for å følge opp programmet ditt i samarbeid med rettleiaren din i NAV. Programmet er heilårleg og på fulltid (37,5t i veka) og du har rett på individuell plan.

Økonomisk yting under Kvalifiseringsprogrammet

Om du deltar i kvalifiseringsprogrammet, har du rett til kvalifiseringslønn.

Kvalifiseringslønna er ei kommunal skattepliktig yting og er satt til 2 G* for deltakarar over 25 år, og for deltakarar mellom 18 og 25 år er stønaden satt til 2/3 av 2 G.

Dersom du har barn, får du barnetillegg.

Kvalifiseringslønn blir utbetalt på etterskot den 12. i kvar månad.

* G står for Grunnbeløpet i Folketrygda. Beløpet endrast årleg og gjeld frå 1. mai kvart år. Nærmare opplysningar finn du på nav.no

Meir informasjon om Kvalifiseringsprogram finn du på nav.no