Økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving

Du har moglegheiter til å få god starthjelp dersom du tar kontakt med:

Økonomirådstelefonen i NAV

NAV har en nasjonal rådgivningstjeneste på telefon. Her får du enkle råd om hva du selv kan gjøre og hvor du kan henvende deg dersom du trenger mer hjelp.

Telefon 55 55 33 39

Du kan også ta kontakt på NAV sin chat om økonomi og gjeld her
 

Nav kontoret kan også hjelpe deg med økonomisk rettleiing. Slit du med å betale rekningar eller gjeld er det viktig å søke hjelp i tide.

Du kan få økonomisk rettleiing dersom du

  • Har problem med å få pengane til å strekke til
  • Har vanskar med å betale tilbake gjelda di

Tilbodet forutset at du samarbeidar med ein rådgjevar. Du må legge fram dei opplysningane rådgjevaren din treng for å kunne hjelpe deg.

Kva tilbyr vi?

NAV-kontoret kan hjelpe deg med å få oversikt over økonomien din og sette opp eit budsjett. Du kan få hjelp til å:

  • finne ut korleis du kan få mindre utgifter
  • vurdere moglegheiter for å auke inntektene dine
  • unngå å bruke pengane dine feil
  • kontakte og lage avtalar med de du skuldar pengar
  • skrive søknad om utsetting av betaling av gjeld
  • få opplysningar om rettar og plikter
  • søke gjeldsordning
  • kontakte namsmannen

Korleis få tilbodet?

Ta kontakt med NAV-kontoret for å avtale tid for en samtale.

Kva må du ta med til møtet?

Det blir enklere å gi gode råd om du tar med følgjande dokumentasjon på møtet:

  • Sjølvmelding og likning med skatteoppgjør frå siste året (fås fra Skatteetaten)
  • Kopi av husleige- eller framleigekontrakt, eventuelt innbetalingsslipp for husleige
  • Lønnsinntekter og trygdeytingar de siste tre månadane
  • Dokumentasjon på lån og kredittgjeld
  • Dokumentasjon på utgifter, for eksempel til straum, forsikring, lege, barnehage og liknande
  • Dokumentasjon på ubetalte rekningar, inkassosaker, anna gjeld og liknande

Dersom du har fått tilsendt såkalt begjæring om utlegg, tar du med denne. Det same gjeld dersom du har fått innkalling til forliksrådet.