BarnevernstenestaBarnevernstenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid. Barnevernstenesta skal bidra til at barn og unge blir møtt med tryggleik, kjærleik og forståing, at dei har gode og trygge oppvekstvilkår.Barnevernslova gjeld for barn under 18 år.Tiltak etter § 3-6 kan setjast i verk overfor ungdom inntil dei har fylt 25 år.UndersøkingEi undersøking etter barnevernslova kan føre til at saka vert avslutta utan tiltak, at det vert sett i verk hjelpetiltak eller at det vert fremja sak for barneverns- og helsenemnda om tvangstiltak. Dersom barnevernstenesta fremjar sak for barneverns- og helsenemnda, vil partane i saka ha krav på fri rettshjelp.HjelpetiltakVilkåra for hjelpetiltak til barn og foreldre etter barnevernslova er knytt til om barnet på grunn av sin omsorgssituasjon eller atferd har eit særleg behov for hjelp. Det er viktig å understreke at tiltak etter barnevernslova ikkje skal erstatte tiltak som barn og foreldre har rett til etter anna lovverk. Aktuelle tiltak kan vere:Tiltak for å styrke foreldreferdigheterTiltak for å styrke barnets utviklingTilsyn og kontrollNettverksarbeid/samarbeid med andre tenesterTilvising til andre instansarFosterheim/institusjonKontaktHar du spørsmål om barnevernstenesta kan du ta kontakt med einingsleiar. Meir informasjonLov om barnevern (barnevernslova)Retningslinjer om hjelpetiltak i barnevernetBarneverns- og helsenemnda Publisert 28.11.2019 16.33 Sist endra 15.10.2025 15.19