Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober

Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt!

Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu.

Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp.

Vi treng bøsseberarar i Stad

For at alle husstandar i kommunen skal få besøk, treng vi mange frivillige. Som bøsseberar brukar du om lag to timar på aksjonsdagen. Du kan gå åleine, saman med familie eller vener – og barn kan gjerne vere med i følgje med ein vaksen.

Registrer deg som bøsseberar søndag 18. oktober

Du får meir informasjon om oppmøtestad og utdeling av bøsser når aksjonsdagen nærmar seg.

Dersom du ikkje får registrert deg på nettsida kan du registrere deg ved å ta kontakt med oss på e-post eller telefon:

Stad kommune - kontaktperson
Kristin Otneim Aarsnes
kristin.otneim.aarsnes@stad.kommune.no
Tlf: +47 99604080

Legg ved følgjande informasjon:

  • Namn:
  • Tlf.nr:
  • E-post:
  • Kvar i Stad kommune du ønskjer å gå med bøsse 

Fleire måtar å bidra på

Også lag, organisasjonar, skular, barnehagar og bedrifter kan engasjere seg. De kan til dømes arrangere ein aktivitet, starte ei digital innsamling eller gi eit bidrag.

Du kan også støtte aksjonen ved å:

  • gi eit valfritt beløp på Vipps til 2133
  • sende TVA til 2133 og gi 350 kroner
  • gi eit bidrag gjennom giversida til TV-aksjonen
     

TV-aksjonen har samla menneske over heile landet til dugnad sidan 1974. Søndag 18. oktober håpar vi at mange i Stad kommune vil vere med – anten som bøsseberar, givar eller lokal støttespelar!

Saman kan vi gi menneske på flukt eit tryggare heim og håp for framtida.

Les meir om TV-aksjonen 2026