Bekymringsmelding

Både offentleg tilsette, private yrkesutøvarar med profesjonsbestemt teieplikt og privatpersonar kan melde bekymring til barnevernstenesta.

Foreldre og barn sjølve kan kontakte barnevernstenesta vedrørande eigen situasjon dersom dei ønskjer å søkje barnevernstenesta om råd/hjelp.

Offentleg tilsette har både meldeplikt og opplysingsplikt til barnevernstenesta, jamfør barnevernslovas § 13-2  og § 13-4.

Meir informasjon om bekymringsmelding.

Meldeplikt for offentleg tilsette

Barnevernslova § 13-2 første ledd:
Enhver som utfører tjeneste eller arbeid for et forvaltningsorgan, skal uten hinder av taushetsplikt melde fra til barnevernstjenesten uten ugrunnet opphold i følgende tilfeller:

a. når det er grunn til å tro at et barn blir eller vil bli mishandlet, utsatt for alvorlige mangler ved den daglige omsorgen eller utsatt for annen alvorlig omsorgssvikt
b. når det er grunn til å tro at et barn har en livstruende eller annen alvorlig sykdom eller skade og ikke kommer til undersøkelse eller behandling
c. når det er grunn til å tro at et barn med nedsatt funksjonsevne eller et spesielt hjelpetrengende barn ikke får dekket sitt særlige behov for behandling eller opplæring
d. når et barn har vist alvorlige atferdsvansker ved å begå alvorlige eller gjentatte lovbrudd, ved problematisk bruk av rusmidler, eller ved å ha vist annen form for utpreget normløs atferd
e. når det er grunn til å tro at et barn blir eller vil bli utnyttet til menneskehandel


Privatpersonar som er bekymra for barn

Dersom du er usikker på om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernstenesta. Dersom du lurer på om du bør sende bekymringsmelding, kan du ringe til barnevernstenesta og drøfte saka anonymt.

Slik sender du bekymringsmelding

Digital bekymringsmelding

Vi oppmodar alle om å melde bekymring digitalt. Det gjer du her:


Skjema

Dersom du ikkje har moglegheit til å nytte det digitale skjemaet, kan du laste ned og fylle ut dette skjemaet: Bekymringsmelding til barnevernstenesta.

Dette skjemaet må du sende per post til:
Stad kommune barnevern, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid


Telefon

Du kan og ringe direkte til barnevernstenesta for å melde om di bekymring for eit barn.
Dersom bekymringa di er akutt og krev umiddelbar respons frå barnevernstenesta du ringe oss.


Tilbakemelding frå barnevernstenesta når du har sendt bekymringsmelding

Alle som sender skriftleg bekymringsmelding til barnevernstenesta vil få skriftleg tilbakemelding om at meldinga er mottatt, jamfør barnevernslova § 13-3.
Unntak: anonyme meldarar.

Ringer du inn bekymringa di, vil du som offentleg tilsett motta skriftleg tilbakemelding på at meldinga er mottatt. Som privat meldar vert denne stadfestinga gjeve i telefonsamtala.

Anonym drøfting

Alle kan ringe barnevernstenesta for å drøfte ei bekymring/sak anonymt.
Kontaktinformasjon finn du til høgre på denne sida. Ut frå opplysingane du gjev, vil vi gje råd om kva du bør gjere vidare, om du bør kontakte andre instansar eller om barnevernstenesta kan/skal hjelpe/få bekymringsmelding.

Er du offentleg tilsett vil du få tilsendt skjema vi fyller ut i samband med den anonyme drøftinga. Skjemaet inneheld informasjon om grunnlag for drøfting og kva tilbakemelding vi har gjeve.

Råd og rettleiing

Barnevernstenesta tilbyr råd og rettleiing til alle som ønsker det, jamfør forvaltningslova § 11. Kontaktinfo finn du til høgre på denne sida.

Ut frå opplysingane du gjev, vil vi gje råd om kva du bør gjere vidare, om du bør kontakte andre instansar eller om barnevernstenesta kan/skal hjelpe.

Alle som tek kontakt og ønsker det, kan få tilsendt ei kort oppsummering av mottatt informasjon og kva råd som vart gjeve.

Kontakt

Britt Remme
Einingsleiar barnevern
E-post
Mobil 95 07 88 76

Organisasjonsnummer 983 802 494

Send post til barnevernstenesta via eDialog:
Sikker digital post 

Ingrid Hjelle Roset
Barnevernskonsulent
Telefon 47 76 68 10
Katrin Balsnes
Barnevernskonsulent
Telefon 95 09 10 77
Monica Skarstein
Barnevernskonsulent
Mobil 95 07 50 32
Pontus Gundersen
Barnevernskonsulent
Mobil 47 50 20 55