Fosterheim - noko for deg og din familie?

Stad kommune trengfleire familiar som kunne tenke seg å vere fosterheim for eit barn. 

Nokre gonger treng barn å flytte i fosterheim for ein lengre eller kortare periode. Stad barnevernsteneste ønsker at barna skal få bu i nærområdet sitt (som i Stad kommune eller i ein av våre nabokommunar).

Å flytte i fosterheim kan opplevast lettare og tryggare for barna om dei får bu med nokon dei kjenner litt frå før, eller at dei ikkje må flytte så langt vekk. 

Å bli fosterheim for eit barn du kjenner - korleis er prosessen? 
Fosterhjem i familie og nære nettverk | Bufdir

Å bli fosterheim for eit barn du ikkje kjenner - korleis er prosessen?
 Hvem kan bli fosterforelder? | Bufdir

 SOLID er kurset alle fosterheimar skal ta. Opplæringa gjev deg kunnskap og forståing om kva eit oppdrag som fosterheim inneber, slik at du skal ha best mogleg grunnlag før du vel å bli fosterforelder. 

Opplæring for deg som vil bli fosterhjem | Bufdir

Ønsker du å vite meir, så ta kontakt med  
Jorunn Breiteig tlf 979 90 473  eller Marion Vik tlf 904 01 174