Dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demensDagtilbod for heimebuande personar med demens skal bidra til ein meiningsfull kvardag med aktivisering og sosialt samvær, og vere ei støtte for pårørande.Dagtilbodet ynskjer å bidra til auka livskvalitet gjennom fokus på sosialt samvær og ulike aktivitetar.Kven kan få tilbodetMå vere heimebuandeMå ha fått eller er under utgreiing for ein demensdiagnoseMå ha behov for rettleiing/trening/aktivisering og vedlikehald av ferdigheiterPårørande har særleg tyngande omsorgsarbeidFor utfyllande informasjon om tilbodet sjå Stad kommune sin tenestestandard.SøknadI søknaden skriv du kva du treng hjelp til. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge ved. Du brukar felles søknadsskjema om helse- og omsorgstenester i Stad kommune. Det er ikkje søknadsfrist. Søknadene vert behandla fortløpande.Søk om helse- og omsorgstenesterSøknad om helse- og omsorgstenester papirutgåve (PDF, 131 kB)PrisarPris for dagtilbod vert fastsett av kommunestyret årleg.Betalingssatsar i Stad kommuneBehandling av søknadSøknad om dagtilbod vert behandla av tildelingsteamet i Stad kommune. Søknad vert vurdert med grunnlag i gjennomført kartlegging og funksjonsvurdering (IPLOS). Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom du ikkje får svar innan ein månad, skal du ha fått melding om årsaka til det. Du får tilsendt eit grunngjeve vedtak.Du kan klage på vedtak om helse- og omsorgstenester innan fire veker etter at du mottok vedtaket. Forklar kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Send klagen til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.Har du spørsmål?Dersom du har spørsmål om søknaden din kan du ta kontakt med kontaktpersonar i Stad kommune. Lover og forskrifterHelse- og omsorgstjenesteloven Publisert 19.12.2019 08.01 Sist endra 14.10.2024 15.36