Som fritidskontakt får du timebetalt. I tillegg får du dekka utgifter til køyring og enkelte andre utgifter du blir einig med kommunen om.
Som fritidskontakt er du oppdragstakar, og har ikkje de same rettigheitene som vanlege tilsette har. Vi anbefaler derfor ikkje at det å være fritidskontakt er hovudinntekta di. Du får ikkje sjukepengar, og du kan ikkje bruke eigenmelding hvis du er sjuk. Du kan ta ferie, men får ikkje feriepengar. Samtidig er det fleksibilitet i oppdraget, og du har moglegheit til å ha vere med å bestemme arbeidstida di.
Dersom du har fritidskontaktoppdrag som er over 5 timar per veke vert du fast tilsett i kommunen. Du vil få arbeidsavtale og rettar som vanleg tilsett.