Kven kan få tilbodet?
Både barn, ungdomar og vaksne kan få tilbodet. Tenesta vert gitt etter ei konkret vurdering.
Prisar
Tenesta er gratis, men utgifter til aktivitetar må du dekkje sjølv. Du kan ha rett til følgjekort, slik at fritidskontakten din kan få gratis inngang til enkelte aktivitetar.
Søknad
Du søkjer ved på bruke søknadsskjema om helse- og omsorgstenester.
Søk om helse- og omsorgstenester
Søknadsbehandling
Søknaden vert behandla av bu- og miljøtenesta i Stad kommune. Søknaden vert behandla så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, sender vi skriftleg melding om årsaka til det.
Dersom du ikkje er samd i vedtaket, kan du klage til kommunen innan fire veker frå du fekk brevet. Du må skrive kva du er usamd i og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Send klagen til Stad komune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.
Spørsmål
Har du spørsmål om fritidskontakt kan du ta kontakt med bu- og miljøtenesta i Stad kommune.
Lover og forskrifter
Helse- og omsorgstjenesteloven