ErgoterapiErgoterapeutane gir tilbod til alle aldersgrupper som på grunn av skade, sjukdom, funksjonsvanskar eller anna har vanskar med å meistre kvardagen. Dette kan du få hjelp tilBustadrådgjeving med tanke på tilpassa bustadVurdering, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddelRehabilitering av vaksne og eldre – heime og på institusjonFunksjonsvurdering og tiltak i dagleglivetHelsefremjande tiltak som fremjar aktivitet, deltaking og likeverdPrisarTenesta er gratis. Du får hjelp etter ei konkret vurdering.SøknadDu treng ikkje tilvising frå lege. Du kan kontakte ergoterapeutane i Stad kommune direkte. Publisert 16.11.2019 14.27 Sist endra 17.10.2024 14.17