Fysioterapi for barn og ungeFysioterapeutar arbeider for å ivareta barn og unge og medverke til tiltak som fremjar aktivitet, deltaking og likeverd. Fysioterapeutane samarbeider med helsestasjon, fastlege, barnehage, skule, spesialisthelsetenesta og andre.Kva kan du få hjelp med?Undersøking og vurdering av behov for trening og aktiviseringUndersøking og vurdering av behov for vidare utgreiingTilpassa behandlings- og stimuleringstiltak for barn og unge som har eller står i fare for å utvikle funksjonsproblemTiltak der barnet er, som til dømes barnehage og skule, der dette er moglegKven kan få tenesta?Føresette, helsestasjonen, barnehagar, skular og andre kan ta kontakt for å få råd og rettleiing om fysioterapi for barn og unge under 16 år. Det er ikkje nødvendig med tilvisning frå lege for å få time.Det er fritak frå eigendel for barn under 16 år.Har du spørsmål?Dersom du har spørsmål om fysioterapi for barn og unge, kan du ta kontakt med fysioterapeut i eining for helse.Nyttige nettsiderBarn og unge – generelle råd - Helsedirektoratet Publisert 26.11.2019 22.55 Sist endra 06.01.2025 10.54