Brukarstyrt personleg assistent (BPA)Brukarstyrt personleg assistent (BPA) er ein måte å organisere praktisk bistand og opplæring på for personar med langvarig og stort behov for personleg assistanse.Om ordningaSøkjar må vere under 67 år og busett i Stad kommuneSøkjar må ha behov for bistand mellom 25-32 timar per veke over minst 2 årNår praktisk bistand og opplæring vert organisert som BPA, er det brukaren sjølv, eventuelt med bistand, som organiserer og leier arbeidet som assistentane utfører.SøknadDu nyttar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Stad kommune. Du må grunngje søknaden din.Søk om helse- og omsorgstenesterSøknad om helse- og omsorgstenester papirutgåve (PDF, 131 kB)SøknadsbehandlingDet er tildelingsteamet i Stad kommune som behandlar søknaden din. Søknaden vert vurdert med grunnlag i heimebesøk frå heimetenesta, samtaler og funksjonsvurdering (IPLOS). Du skal få svar på søknaden innan tre veker. dersom det ikkje er mogleg å gi eit svar innan tida skal du få beskjed om det.Kommunen kan avslå søknad om BPA om ein kan dokumentere at BPA-organisering vil vere vesentleg dyrare samanlikna med dei ressursane kommunen elles ville brukt på tenestetilbodet til deg.Du kan klage på vedtak om helse- og omsorgstenester innan fire veker etter at du mottok brevet. Du må skrive kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Klagen kan du sende til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.KontaktDersom du har spørsmål om søknaden kan du ta kontakt med heimetenesta i det området du bur. Les meir om ordninga herLover og forskrifterPasient- og brukerrettighetsloven Publisert 16.11.2019 15.20 Sist endra 25.09.2024 14.59