Har du eller nokon av dine næraste problem med å hugse?
Tidleg utgreiing og diagnostisering er viktig for at rette tiltak vert sett i verk for pasient og pårørande. Stad kommune har eit hukommelsesteam som kan bidra med utgreiing og oppfølging.
Gruppa er tverrfagleg samansett, med personale frå dagtilbod, institusjon, heimeteneste og ergoterapitenesta.
Kva kan du få hjelp med?
Hukommelsesteamet kan bidra med råd og rettleiing til deg som har utfordringar med å hugse og rettleie pårørande.
- heimebesøk med samtale med pasient og pårørande, gjennomføring av kognitive testar og vurdering av funksjon
- råd og rettleiing til pasient og pårørande
- oversikt over tenestetilbod frå pleie og omsorg
- tilrettelegging i daglege aktivitetar (inkludert hjelpemiddel)
- oppfølging av pasientar ut i frå behov
Vi samarbeider med fastlegar, eldremedisinsk poliklinikk og helsepersonell i kommunen.
Gruppa får tilvising frå desse eller direkte frå pasient eller pårørande.
Pårørandeskule
Hukommelsesteamet arrangerer kurs for pårørande til personar med demens med jamne mellomrom.
Kurset bidreg til at deltakarane får informasjon og kunnskap om demens og om korleis dei skal møte praktiske og kjenslemessige utfordringar som kan oppstå.
Kurset består av fire kurskveldar på ca. tre timar. Kurskveldane inneheld ei forelesing om relevante tema innan demensomsorg, for eksempel sjukdomslære, kommunikasjon, lov og rett, økonomi, hjelpemidlar, forvalting og sorg. Etter forelesinga er det gruppesamtalar.
Informasjon om tidspunkt for kurs vert annonsert på Stad kommune sine nettsider og i lokalavisene.
Nyttige sider for både brukar og pårrørande
Ti tidlege teikn på demens
Fakta om demens
Kva kan hjelpe? (tips til hjelpemiddel og tilrettelegging i heimen)
Tips til kommunikasjon med personar med demens
Aktiv og trygg kvardag med demens
Vergemål og framtidsfullmakt
Stad demensforening
Demenslinjen