KreftkoordinatorKreftkoordinator er ein fagperson som du kan ta kontakt med i alle fasar av ein kreftsjukdom. Kreftkoordinator er eit lågterskeltilbod for kreftpasientar, pårørande, helsepersonell og andre. Kreftkoordinator skal medverke til at du som vert sjuk og dine pårørande skal få dei tenestene og dei tilboda som du har rett på. Kreftkoordinator skal undervise, gi opplæring og råd til aktuelle samarbeidspartnarar og arbeide for gode rutinar og system i kommunane si kreftomsorg. Nb! Stad kommune er i prosess med å rekruttere ny kreftkoordinator i Stad kommune. Inntil ny er på plass vil ein midlertidig ikkje kunne tilby denne tenesta. Kva kan kreftkoordinator hjelpe deg med? Koordinere helsetenester for deg som er kreftramma Rettleiings- og støttesamtalar og hjelp til meistring Sette deg i kontakt med ressurspersonar eller støtteinstansar som til dømes Kreftforeningen Informere om relevante kurs og anna opplæring Ivareta barn og unge som pårørande Kven kan ta kontakt? Du som har ein kreftsjukdom som anten skal inn i eller allereie er under behandling Du som er pårørande eller er i nettverket til ein som har ein kreftsjukdom Du som er ferdig med behandling og har behov for å snakke med nokon Du kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator. Du treng ikkje henvisning. Du kan også få andre til å ta kontakt på dine vegner, til dømes fastlegen din eller nokon frå sjukehuset. Ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling arbeider tett med kreftkoordinator. Desse arbeider til dagleg på sjukeheim eller i heimetenesta i kommunen din. Publisert 16.11.2019 15.18 Sist endra 01.04.2022 13.09