OmsorgsstønadOm du har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid, kan du søkje om omsorgsstønad. Du kan få omsorgsstønad i staden for eller i tillegg til andre helse- og omsorgstenester. Det er kommunen som avgjer om du får omsorgsstønad, og kva nivå denne stønaden skal ligge på. Formålet med ordninga er å bidra til best mogleg omsorg, og at det vert lagt til rette for at den som treng hjelp i kvardagslivet, skal kunne bu heime.Kva kan du få?Eit fast beløp kvar månad som ei godtgjersle for nokon av timane du brukar på pleie- og omsorgsarbeid i heimenAvtale med opplysningar om talet på timar, timelønn og andre vilkårOmsorgsytaren har ikkje rett til omsorgsstønad. Kommunen står fritt til heller å tilby nødvendige helse- og omsorgstenester direkte til brukarenVedtak om omsorgsløn er tidsavgrensa og vert som hovudregel fatta for eitt år om gongenKrav til søkjarDen hjelpetrengande må bu heimeOmsorgsarbeidet må vere særleg tyngjande og overstige vanlege omsorgspliktoppgåverMå ha vedtak om hjelpestønad frå NAV SøknadDu brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Stad kommune.Her kan du søkje helse- og omsorgstenesterSøknad om helse- og omsorgstenester papirutgåve (PDF, 131 kB)SøknadsbehandlingDet er tildelingsteamet i Stad kommune som vurderer søknaden. Søknaden vert vurdert på bakgrunn av heimebesøk frå heimetenesta og funksjonskartlegging (IPLOS). I utforminga av totaltilbodet skal synspunkta til brukaren / den som treng omsorga vektleggjast dersom mogleg.Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande kan klage på vedtaket. Klagefristen er fire veker frå du fekk brevet. I klagen må du forklare kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Send klagen til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.Har du spørsmål?Dersom du har spørsmål om søknaden din, kan du ta kontakt med heimetenesta i det området du bur.Lover og forskrifterHelse- og omsorgstjenestelovenPasient- og brukerrettighetsloven Publisert 16.11.2019 15.19 Sist endra 25.09.2024 14.59