Dette kan du få hjelp til
- Reingjering av opphaldsrom, støvsuging, støvtørking og golvvask, vask av bad/wc. Vert utført av reinhaldsavdelinga
- Klesvask i vaskemaskin etter behov
- Skifte av sengekle
- Hjelp til tilrettelegging av måltid etter behov
- Innkjøp av daglegvarer, dersom ikkje andre ordningar let seg etablere. Lokale butikkar tilbyr levering av varer heim
Tenestestandard
I Stad kommune jobbar vi etter ein tenestestandard som skildrar omfang og innhald i Stad kommune sine helse - og omsorgstenester. Saman med sentrale føringar er dette dokumentet meint å vere rettleiande for kommunen sine innbyggarar og tilsette.
Her kan du lese vår tenestestandard
Søknad
Du nyttar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Stad kommune. I søknaden skriv du kva du treng hjelp til.
Her kan du søkje helse- og omsorgstenester
Søknad om helse- og omsorgstenester papirutgåve. (PDF, 131 kB)
Prisar
Det er husstanden si inntekt som avgjer kva du må betale for heimehjelp.
Betalingssatsar i Stad kommune Behandling av søknad
Det er heimetenesta i Stad som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk der dei kartlegg behova dine. Du får eit skriftleg svar på søknaden din. Dersom det ikkje er mogleg å gje deg eit skriftleg svar innan ein månad, vil du få informasjon om årsaka.
Du kan klage på vedtaket innan fire veker etter at du mottok brevet. Du må grunngje klagen og sende han til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.
Har du spørsmål?
Om du har spørsmål om søknaden din, kan du ta kontakt med heimetenesta i det området du bur.
Lover og forskrifter
Helse- og omsorgstjenesteloven
Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester