Krav til campingplassar/utleige av hytter/forsamlingslokale

Følgande verksemder, eigedommar og tiltak skal melde til kommunen før oppstart og ved vesentlege utvidingar eller endringar:

  • Campingplassar og andre liknande verksemder som vert nytta av mange personar
  • Lokalar for undervisning og andre forsamlingslokale som vert nytta av mange
  • Verksemder som føretek utslepp av avløpsvatn
  • Asylmottak
  • Hospits

Det er eit overordna krav at verksemda skal planleggast, byggast, drivast og avviklast på ein helsemessig tilfredsstillade måte, slik at det ikkje medfører helseskade eller helsemessig ulempe.

Krav om å hindre spreiing av legionella smitte

Dusjanlegg kan innebere spreiing av legionella via aerosol. Forskrift om miljøretta helsevern krevje at verksemda hindrar slik spreiing. Informasjon om dette her FHI: Førebygging av legionella smitte  

Opplysningsplikt

Den ansvarlege for verksemda skal på eige initiativ gi kommunen opplysningar om forhold som openbart kan ha negativ innverknad på helsa.

Krav om internkontrollsystem

For å sikre at krava i forskrifta ivaretakast skal verksemda etablere internkontrollsystem, som skal kunne dokumenterast overfor tilsynsmyndigheita.

Regelverk

Forskrift miljørettet helsevern  

Meldeskjema

Meldeskjema campingplass (PDF, 49 kB)