VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern omfattar dei faktorane i miljøet som direkte eller indirekte kan påverke helsa. Dette omfattar biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale faktorar i miljøet. Stad kommune har etter folkehelselova ansvar for å drive tilsyn med miljøretta helsevern og fatte vedtak om retting etter ei rekkje forskrifter innan fagfeltet. Tenesta er organisert under kommuneoverlegen. 

Aktuelle arbeidsområde

  • Godkjenning av barnehagar og skular
  • Tilsyn med symjebasseng, helsestudio og badeplasser
  • Tilsyn med hudpleie, solarium, frisør, pirsing- og tatoveringsverksemder
  • Tilsyn med campingplassar og overnattingsverksemder
  • Internkontrollsystem
  • Psykososiale forhold
  • Inneklima, radon
  • Hygiene, reinhald, vedlikehald
  • Smittevern
  • Førstehjelp
  • Støy, lys

Skular og barnehagar

Alle skular og barnehagar skal ha helsekvalitetar som sikrar borna sunne omgjevnadar. Dette gjeld faktorar som inneklima, luftkvalitet, lysforhold, lydforhold og sanitære forhold, psykososiale forhold og tryggleik. Forskrift om miljøretta helsevern skal nyttast ved planlegging, tilrettelegging og drift av:

  • barnehagar og andre verksemder som mot godtgjersle gjev tilsyn med og omsorg for barn under skulepliktig alder når verksemda er regelmessig, tilbyr opphaldstid på meir enn ti timar i veka og når tre eller fleire barn er til stades samstundes
  • grunnskular
  • vidaregåande skular.

Skjema for søknad om godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern (kjem)

Skjema for søknad om planfråsegn etter forskrift om miljøretta helsevern (kjem)

Badeanlegg, friluftsbad og boblebad

Risikoen for å bli sjuk ved bading i friluftsbad, badestrand eller i eit symjebasseng i Noreg er normalt liten. Det er fordi det er få badestrender og badeplassar som ligg nær utslepp av avløpsvatn. Dårleg drivne reinseanlegg ved bassengbad kan føre til sjukdomsutbrot, spesielt hos personar med nedsett immunforsvar. Dårleg drivne boblebad kan gje spesielt høg sjukdomsrisiko.

Kommunen har ansvaret for å gjennomføre tilsyn med offentleg tilgjengelege boblebad og svømmeanlegg.

Meldeskjema (kjem)

Ta kontakt

Har du spørsmål om miljøretta helsevern, kan du ta kontakt med kommuneoverlegen eller eining for helse i Stad kommune.

Lover og forskrifter

Forskrift om miljøretta helsevern

Forskrift om badeanlegg, basseng og badstu

Kontakt

Thomas Vingen Vedeld
Kommuneoverlege
E-post
Mobil 474 86 417
Britt Tomasgard
Fagleiar helsestasjonane
E-post
Mobil 951 28 538
Stad kommune
E-post
Telefon 57 88 58 00