Radonmåling

Radonmåling

Måling av radon i din bustad
Helsemyndigheitene anbefalar alle som har bustad med opphaldsrom i dei tre lavaste etasjane over bakkeplan, å måle radonkonsentrasjonen i sin bustad.
 

Fakta om radon
Radon er ein usynleg og luktfri edelgass, som dannast kontinuerleg i jordskorpa. Radonatoma kan lett unnsleppe berggrunn og jord og komme ut i lufta som vi pustar inn. Utandørs vil radonkonsentrasjonen normalt vere lav, og helsefare oppstår først når gassen siv inn gjennom sprekker og utettheit mellom byggegrunn og bygning og  vert konsentrert opp i vårt innemiljø.

Nye anbefalinger
Statens strålevern har i 2009 vedtatt å endre sine anbefalingar for radon. Strålevernet anbefalar at radonnivå vert halde så lavt som råd i alle bygningar, og at tiltak alltid bør utførast når radonnivåa i eitt eller fleire opphaldsrom overstig 100 Bq/m3. Strålevernet framhevar at tiltak òg kan vere aktuelt under 100 Bq/m3 dersom ein med enkle tiltak kunne fått radonnivået vesentleg lavare. Vidare anbefalar Strålevernet no at radonnivåa alltid skal vere lavare enn ei maksimumsgrense på 200 Bq/m3. Det er den enkelte huseigar sitt ansvar å måle radonkonsentrasjonen i sin bustad og iverksette nødvendige tiltak. Det vil frå 2014 verte krav om å dokumentere radonkonsentrasjonen i alle utleigebustader. Dette er huseigar sitt ansvar.


Måling av radon i inneluft
Konsentrasjonen av radon i eit rom kan variere mykje over tid. Radonkonsentrasjonen er imidlertid mest stabil i vinterhalvåret (fra midten av oktober til midten av april), Statens strålevern anbefalar difor at radonmålingar vert utført som langtidsmålingar i vinterhalvåret etter sporfilmmetoden. Verdiane for tiltaks- og maksimumsgrensen er årsverdier, det vil seie enten 1-års-målingar eller ein berekna årsmiddelverdi basert på ein langtidsmåling. Det er viktig å måle fleire rom. Rom som er utsett for radoninnstrømming (t.d rom i den lavaste etasjen og rom med vegg mot grunnen), og rom som brukast mykje (t.d soverom og stove) bør vere blant romma som målast. Generelt kan radonkonsentrasjonen endrast over tid på grunn av setningsskader, ombygging, endring i ventilasjonstilhøve, samt endringar som fylgje av grave- eller sprengningsarbeid i nærområda. Helsemyndigheitene anbefaler difor å måle radonnivået regelmessig, og alltid etter ombyggingar. Du bør måle bustaden din sjølv om naboar allereie har målt sin bustad fordi det innanfor samme bustadfelt kan vere store variasjonar.


Iverksetting av tiltak
God lufting og gode ventilasjonsløysingar vil alltid vere positive tiltak for å førebygge oppsamling av radon i bustaden din. Dersom høge radonkonsentrasjonar vert påvist bør du dessutan ta kontakt med ein rådgjevar som tilbyr prosjektering og utføring av bygningstekniske tiltak mot radon i inneluft. Det er viktig å klargjere årsaka til radonproblemet. Dersom radonholdig jordluft treng inn frå byggegrunnen, er første steg å utbetre dersom det er utett i konstruksjonen mot grunnen. Trykksenking av byggegrunnen er det mest effektive tiltaket viss tilhøva er lagt til rette. Dersom radonnivå er over anbefalingane til Strålevernet i rom som er lite brukt, må det gjerast faglege vurderingar om tiltak.
 
FHI: Stråling 

Strålevernsforskriften

Strålevernloven

Veileder:  Tilsyn med radon i skoler, barnehager og utleieboliger 

Staten strålevern - radon

Måleprosedyre radon i skoler og barnehager